— Eg har hatt møte med norske myndigheiter, der eg har bede om at det må bli lettare for trafficking-offer å få opphald i Noreg. Albanske kvinner som vert heimsende, er i stor fare for å bli oppsøkte av mafiaen og tvinga ut att i prostitusjon i utlandet. Det dreier seg om store nasjonale halliknettverk, som får til det dei vil gjennom korrupsjon. Til dømes gir korrupte diplomatar og politi mafiaen naudsynt informasjon og sørgjer for falske pass og visum. Tilsvarande gjeld for andre austeuropeiske land.

Fekk pris

Vera Lesko har sidan 1997 drive senteret Vatra, eit senter for kvinner som har vore sexslavar. Fleire av desse har selt sex her i landet.

I 2003 mottok Lesko prisen Anti-Slavery-Award av organisasjonen Anti-Slavery International for sitt arbeid. Ho er i Noreg i samband med Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, som i år har menneskehandel som tema. Norske konfirmantar er mellom dei som skal delta i aksjonen, og sist veke hadde Lesko føredrag for konfirmantar i Bergen.

— Me har alle eit ansvar for å hjelpa desse kvinnene. Det hadde ikkje vore sexslavar her til lands, om ikkje det var for mennene som kjøper sex. Dei norske horekundane er med på utnyttinga og held oppe halliknettverka, seier ho.

Noreg ettertrakta

Etter at Italia fekk strengare lovreguleringar når det gjeld prostitusjon, er Noreg blitt eit endå meir attraktivt land for mafiaen.

— For det fyrste er prostitusjon lovleg i Noreg. Sjølv om det er kriminelt å driva hallikverksemd, hjelper ikkje det kvinnene. Dersom kvinnene vert oppsøkte av politiet nektar dei for at dei vert utnytta, av frykt for bakmennene. For det andre er Noreg eit rikt land, så hallikane kan ta høgre prisar her. Ettersom hallikane tek alle pengane, gir det klingande mynt i kassa.

Lesko er oppteken av å forbetra programmet for vern av vitne i trafficking-saker.

— Det er umogleg å verna trafficking-vitne i Albania, for landet er så lite og gjennomsiktig. Difor vil me gjerne auka samarbeidet med land som Noreg. Kvinnene vågar berre å samarbeida med politiet når dei kjenner seg heilt trygge, fordi dei set seg sjølve og familien i livsfare.

Falske ekteskap

Mange av dei albanske trafficking-offera er unge fattige jenter frå landsbygda. Til skilnad frå andre land hamnar albanske kvinner i stor grad i halliknettverka gjennom falske ekteskap.

— Det som ofte skjer er at hallikar oppsøkjer fattige familiar på landsbygda. Når halliken kjem på døra, seier han gjerne at han har tent seg rik på å arbeida i utlandet. Vidare bed han om å få gifta seg med dottera i familien, og seier at han vil ta ho med seg til utlandet. Foreldra trur på dette, og vert glade for at ein rik og vellukka mann vil ha deira dotter. Folk på landsbygda veit lite om trafficking, og kva metodar hallikane nyttar, seier ho.

— Etter at halliken og kvinna har vore gifte i ein månads tid, dreg dei oftast til Italia eller Hellas. Då byrjar overgrepa og valdtektene, og kvinna vert tvinga til prostitusjon. Frå Italia og Hellas går ferda vidare til rike europeiske land, deriblant Noreg.

Lesko estimerer at rundt 10.000 albanske kvinner vert selde kvart år.

HJELPER SEXSLAVAR: Vera Lesko arbeider med trafficking-offer i Albania.<p/>FOTO: KNUT STRAND