1. oktober 1907 blei jernbaneskinnene frå aust og vest kopla saman for første gong. I dag er det fest på Øvre Smetbakk ved Ustaoset.

Eit par hundre menneske var møtte opp for å få med seg festen. Mange av dei same tinga som blei gjort på festen for hundre år sidan blei også gjort i dag.

— For anledninga er det bygd ei 5-6 meter lang jernbanelinje ved sida av Bergensbanen. I 13-tida i dag blei det lagt ned nasjonalfarga lasker her, som bind skinnene saman, fortel Arne Hofseth, BT sin journalist på staden.

Laska på den eine sida blei lagt ned av representantar frå Jernbaneverket til tonar frå Geilo musikkorps. Den andre laska blei lagt ned av banearbeidarar. For hundre år sidan var det dei to overingeniørane, Skavlan frå vest og Støren frå aust, som skrudde på plass det nasjonalfarga paret med laskar.

Talen som overingeniør Skavlan heldt i 1907, blei lesen opp igjen av Steinar Skår i dag, som er bestyrar ved Rallarmuseet på Finse.

Delar av følgjet har no tatt toget til Finse, der dei skal ha festmiddag.

27. november 2009 kan hundreårsjubileet for den offisielle opninga av Bergensbana markerast. Det var Kong Haakon VII som stod for den høgtidelege handlinga på Voss stasjon den gong.

LASKENEDLEGGING: Representantar frå Jernbaneverket og banearbeidarar la ned nasjonalfarga laskar på Øvre Smetbakk ved Ustaoset i dag. FOTO: ARNE HOFSETH (MMS)
BRA OPPMØTE: Eit par hundre menneske hadde møtt opp for å delta på festen. FOTO: ARNE HOFSETH (MMS)