Muskel— og skjelettplager, særleg i ryggen, er årsak til halvparten av sjukefråveret i aluminiumsindustrien, og fører til redusert livskvalitet blant dei tilsette.

Dette er bakgrunnen for at industrien i 1998 sjølv tok initiativ til eit forskningsprosjekt ved åtte aluminiumsverk, mellom dei Høyanger, Årdal og Husnes.

Siktemålet var blant anna å undersøke effekten av førebyggande tiltak.

Ingen vart friskare

Kring 550 skiftarbeidarar - kvinner og menn, friske og sjuke, unge og eldre - deltok altivt i opplæringsprogrammet. I løpet av 1999 vart hundre arbeidsmiljøtiltak gjennomførde i produksjonen.

75 prosent av tiltaka gjaldt den fysiske arbeidssituasjonen, og innebar alt frå utskifting av gamalt utstyr og løftehjelpemiddel til større jobbvariasjon og utprøving av betre sko.

Likevel vart ingen friskare, viser forskingsprosjektet.

— Etter halvtanna år hadde deltakarane ikkje mindre muskel-og skjelettplager enn kollegene sine, forklarar fysioterapeut Tone Morken ved Seksjon for arbeidsmedisin på Universitetet i Bergen.

— Derimot var dei blitt flinkare til å be om hjelp, og til å nytte seg av andre arbeidsteknikkar når dei følte seg dårlege.

For kort tid

Morken, som har vore fagleg leiar for prosjektet, er i ferd med å avslutte ei doktorgradsavhandling om emnet.

— Så det er ingen vits med førebyggjande tiltak i alumininumsindustrien?

— Dette er gjennomsnittsresultat. Deltakarane var både friske folk og folk med plager, og vi kan ikkje gjere friske folk friskare. Men hvis tiltaka hadde vore retta spesielt mot dei med plager, trur eg at effekten hadde vore større, seier forskaren til BT.

— Vi klarar dessutan ikkje å måle effekt av generelle tiltak på så kort tid. Kanskje må vi vente i ti-tjue år før vi ser resultat.

- Fokus på operatørane

Undersøkinga i 1998 viste at 93 prosent av aluminiumsarbeidarane hadde hatt muskel- og skjelettplager det siste året. Særleg operatørar og kvinner er plaga. Dess lenger dei har vore i yrket, dess dårlegare er helsa.

— Eg vil derfor anbefale at industrien rettar fokus spesielt mot operatørar med ryggplager. Det er altfor langsiktig å berre jobbe med primærførebyggjande tiltak. Noko må gjerast spesielt for denne gruppa, meiner Morken.