Politiet fekk melding klokka 17.25 om bilen som hadde køyrt i fjellveggen fire kilometer aust for ferjestaden Lavik. Ein mann i 20-åra som politiet meiner var passasjer, er sendt til sjukehus med moderate skader. Ulukka skapte lange køar på E39.

Vanvittige forbikøyringar

Men ein mann manglar. Det er vedkommande politiet meiner sat bak rattet då det small i fjellvegg og autovern. Han er sporlaust vekke.

Ved 20.30-tida sette politiet inn ei hundepatrulje i leitinga etter sjåføren, samstundes som rutebussar, drosjer og privatbilar i området vart alarmert.

— Så langt er det ingenting som tyder på at vedkommande har kome seg vekk, så vi fryktar at han kan ligge skadd i terrenget her ein stad, seier vakthavande ved Høyanger lensmannskontor, Kåre Jan Hofrenning til bt.no.

Ifølgje Hofrenning skal ei rekke vitne ha rapportert om vanvittige forbikøyringar like i forkant av ulykka. Vitna opplyser at to personar sat i bilen.

Kjenningar av politiet

Politiet har berre funne ein. Han er sendt til sjukehus i Førde og er det politiet kjenner til, hardt skadd.

Etter det bt.no kjenner til, køyrde dei to mennene ein leigebil av typen VW Golf. Politiet kjenner namnet på begge mennene som var i bilen. Dei skal ha plukka Golfen opp i Sogndal tidlegare på dagen, men mennene skal vere heimehøyrande i Sunnfjord.

— Det er snakk om folk som er kjenningar av politiet, stadfesta Hofrenning då leitinga pågjekk tirsdag kveld. Han ville ikkje kommentere om dei to er mistenkt for andre forhold enn sjølve køyringa og ulukka.

— For oss er det viktigaste akkurat no å finne vedkommande. Han kan ligge skadd ein stad her i nærleiken, eller han kan ha komme seg vekk på ein eller annan måte. Vi håpar at hundane kan hjelpe oss å bringe dette på det reine.