— Eige av hund er ei kjelde til mykje glede. Men utan forsikring kan det også enda i eit økonomisk mareritt, med fleire titals tusen kroner i veterinærrekningar, forklarar leiar Freddy Bjørndal (54) i Norsk Retrieverklubb, avdeling Bergen.

Store verdiar

Heime i Kirkeveien i Bergen har Bjørndal elleve rasehundar av typen Labrador Retriever - fire vaksne og eit fem veker gammalt kvalpekull på sju. Alle er forsikra. Marknadsprisen på ein labradorkvalp er 9 000 kroner, så verdiane av hundehaldet hans er ikkje ubetydelege.

— Nei, dei er ikkje det. Men det er ikkje berre difor eg har forsikra hundane mine. Hos dyrlegen kjem du raskt oppunder tusenlappen berre for å seia hallo og ha det, fortel han.

For eit par år sidan vart ein av labradorane hans forgifta. Veterinærrekninga stoppa på 40 000 kroner.

- Billig livsforsikring

Tal frå Gjensidige Forsikring syner at det er teikna forsikring på kvart fjerde eksemplar av dei 414 000 registrerte hundane i Norsk Kennelklubb.

— Til gjengjeld er berre 14 prosent av borna i Hordaland forsikra - to prosent under andelen på landsbasis, opplyser informasjonsrådgjevar Arne Voll hos Gjensidige Forsikring.

Målt i prosent har dermed norske forsikringsselskap fleire bikkjer enn born på kundelistene sine.

I Noreg fins det nær 1,1 millionar born mellom 0 og 17 år. I 2004 synte tal frå forsikringsbransjen at 950.000 av dei stod uforsikra mot ulukke og sjukdom. Ein barne- og ungdomsforsikring hos Gjensidige kostar fire kroner dagen.

— Ein bilforsikring kostar til samanlikning 12 kroner per dag, så dette må vera ein billig livsforsikring, tykkjer Voll.

Lys i tunnelen

Ei undersøking som Norstat har gjort for Vesta, syner likevel at borna ligg heilt nede på femteplass når nordmenn prioriterer forsikringsbehova sine - bak bustad, bil, innbu og person/ulukke. Her ligg hunden på niande plass.

— Undersøkinga fortel samstundes at 7 av 10 vestlendingar kjenner til barneforsikringane som fins i marknaden. Men berre halvparten av dei vurderer å teikna avtale for sine eigne born. Og endå færre går til det steget å gjera det. Det er ganske betenkeleg, ettersom barna er det kjæraste me har, seier informasjonsrådgjevar Heidi Tofterå Slettemoen i Vesta.

Finansnæringsens Hovedorganisasjon har derimot ein fersk oversikt som syner at talet på born og ungdom med forsikring har auka frå 222 521 til 273 408 - berre frå i fjor sommar til juni i år.

— Kanskje er folk i ferd med å verta meir bevisste, spekulerer Tofterå Slettemoen.

Odd Mehus