Den irske setteren var på tur med matmor Siri Sørdal då han forsvann i fjellet mellom Loen og Stryn 1. juledag. Sidan er hunden sett 700 meter oppe i fjellsida i eit krevjande terreng.

— Eg slapp auge av han då eg skulle festa bindingen. Det var det millisekundet han trong for å stikka av. Så har han truleg ramla utfor og hamna på flata, seier Sørdal til NRK Sogn og Fjordane.

I dag prøvde ei alpin redningsgruppe frå Jostedalen å berga Diesel ned frå fjellet, det gjekk ikkje.

Luftambulansen vart tilkalla for å prøve, men heller ikkje det lykkast.

Dermed er det ikkje håp å få hunden ned att onsdag.

Siri Sørdal er førebudd på at det kan vera for seint, men alt håp er ikkje ute.

— Det er vel ein del av risikoen med å ha med hundar på tur, at slike ting kan skje. Men me håpar så klart han klarar denna natta og. Kulda er problemet, seier ho.