Den tyske jaktterrieren Ronja forsvann 2. oktober. Hunden gav ikkje teikn frå seg på nesten ein månad. På laurdag 27. oktober kom tispa på 5 år tilbake då ho plutselig sto utanfor Turtagrø hotell, som ligg rett attmed riksveg 55 på Sognefjellet.

Eigaren av hunden, Nils Arve Skjerven, seier til Sogn Avis at eit jaktfølgje var på veg heim frå Skogadalsbøen då hunden ikkje ville gå lenger på grunn av såre føter. Dermed fekk hunden plass i ein ryggsekk på hesteryggen. Då kom ned frå fjellet i 23-tida, hadde det for lengst mørkna. Då merka Skjerven at hunden ikkje var med dei lenger.

Han bestemte seg neste dag for å dra tilbake for å leite etter hunden. Skodda og mørkret gjorde derimot til at søket vart utan resultat. Veret vart ikkje betre på måndagen, og Skjerven valde å kontakte ei synsk dame. Ho sa at hunden hadde høyrt Skjerven når han leitte etter ho. Dermed la han igjen ein ryggsekk og mat på parkeringsplassen ved Turtagrø. Då kunne han komme igjen og sjå om hunden hadde vore der og forsynt seg. Det var ikkje til hjelp, og 15. oktober gav han opp.

Den 27. oktober fekk Einar Fortun i Statens naturoppsyn ein telefon frå ein oppsynsmann ved Turtagrø. Han hadde sett ein hund, og lurte på om Fortun hadde kjennskap til han. Dermed fekk Nils Arne Skjerven tilbake hunden sin. Hunden er i god form, sjølv om den var avmagra etter 27 dagar i fjellet.