Geir Styve er bonde på Hjelmåsen.

– Det var ein dødsdømd vestlandsgard, seier han.

På ei høgde ved Osterfjorden ligg det som var eit tungdrive gardsbruk. I dag er det blitt besøksgard og hestesenter.

Skilnaden

Han kallar seg også fiskarbonde slik strilar har vore i generasjonar, men med ein vri: «Fiskar» er bytta med «humørbonde». «Oppmuntringstilsynet» er hans ide i kampen mot mismot i Bygde-Norge.

Han held foredrag rundt i heile landet for å setja kveik i folk og få dei til å drepa bygdedyret. Alvorlege saker, men våpenet er humor.

Artikkelen fortset under biletet...

FOTO: JO HJELLE

— Strilen set pris på den gode replikken, seier han. Humoren skal ikkje vera direkte, men heller underfundig.Han ser utover fjorden mens han tenkjer gjennom spørsmålet: Korleis er strilehumoren?

— Det er stor forskjel på stril og bergensar på den måten. Bergensarane er meir direkte.

«Catch and release»

Villsauene på garden går på sjølstyr.

– Væren går med dei heile året. Lam kjem når dei kjem, seier han. Besøkande på garden kan få fanga dei, men sauene vert sett fri igjen med ei gong.

– Sokalla «catch and release», seier humørbonden med eit stort smil.

Var det og strilehumor?

Har du ei god historie på lur? Del den med lesarane her.