• Ingen skulebarn skal tvingast til å be eller å syngje salmar, seier Gerd Karin Røsæg, assisterande direktør i Kirkerådet.

I går skreiv Bergens Tidende om 11 år gamle Yngvild Hagland frå Etne som må be og syngja salmar på skulen sjølv om ho er humanetikar. Ho fekk i tillegg skriftleg beskjed med heim om at det skulle vera obligatorisk skulegudsteneste om kvelden i samband med bispevisitas.

No ber Human-Etisk Forbund (HEF) kyrkja si øvste leiing om hjelp til å få slutt på obligatoriske gudstenester i skulen. I eit brev til biskop og primas Finn Wagle, ber HEF om at Den norske kyrkje informerer både prestar og dei skular dei samarbeidar med, om at ingen gudstenester skal presenterast som obligatoriske.

— Me reknar med at Kyrkja ikkje ønskjer å tvinga nokon til kyrkjebesøk og gudstenester mot deira vilje, seier generalsekretær i HEF, Lars Gule.

— I fleire år har me prøvd å få departementet til å gjera noko med alle skulegudstenestene. Dei viser til at det er lokale tradisjonar. No håpar me at kyrkja kan visa meir forståing for minoritetar, seier Jens Brun-Pedersen, informasjonssjef i HEF.

Han minner om at foreldre skal få informasjon frå skular og barnehagar om at det er rå å søkja fritak frå slike aktivitetar.

Assisterande direktør Gerd Karin Røsæg i Kirkerådet seier seg dels einig i kritikken, og ber skulane vege orda sine omkring skulegudstenestene.

— Vi finn det uhaldbart at man presenterer skulegudstenesta som obligatorisk overfor elevane og foreldra. Vilkåret for slike arrangement er at skulane har alternative opplegg for elevar som ikkje er kristne, seier Røsæg.

— Kva med synging av salmar i skuletimane?

— Salmane er del av vår kulturarv, som det er viktig at barn kjenner til. Men ingen skal tvingast til å syngja salmar eller å be, seier Røsæg.