I sommar vart Flåm Utvikling dømd til å betala 450.000 kroner til Hybris Film Vertigo, som opprinneleg var konsulentar for Flåm Utvikling.

Huldrene i Kjosfossen underheld passasjerane på Flåmsbana ulovleg, slo Sogn tingrett fast. Sjølv om framsyninga berre er to minutt lang, og ikkje har noko handling å snakka om, er Sogn tingrett ikkje i tvil om at dette er eit åndsverk.

Retten er meir i tvil om Flåm Utvikling AS, som driv Flåmsbana, er medeigar i åndsverket, men kom til at selskapet Hybris Firm Vertigo eig det åleine.

Framsyningane går no på åttande året, men Flåm Utvikling har ikkje hatt avtale med Hybris Firm Vertigo bruk av åndsverket frå og med sesongen 2002.

Difor måtte Flåm Utvikling betala 450.000 kroner i vederlag, og slutta med showet.

DRAMATISK: Huldra i fossen.
JAN M. LILLEBØ
MARITA AAREKOL