Søreide var den første huldra i Kjosfossen ved Flåmsbana.

— Det er veldig trist at dei gjorde noko slikt. Det er jo eg som har rettane til dette åndsverket, seier Åsne Agathe Sunniva Søreide til Bergens Tidende.

Rettsaka mot Flåm Utvikling AS er beramma for Sogn tingrett 10. oktober.

Søreide har spesialisert seg på kvinnemytologiske rollefigurar, og var den første som spelte huldra til ære for turistane på Flåmsbana for snart ti år sidan.

Striden dreier seg om ein cd der Søreide framførte blant anna den same folketonen som turistane fekk høyre frå huldra i fossen ved Flåmsbana. I tillegg til å synge på plata, har Søreide også komponert deler av materialet.

— Dette albumet har Flåm Utvikling piratkopiert og gjeve ut på nytt, seier Søreide.

I retten blir ho representert av advokat Georg Panzer, som meiner selskapet har gjort seg skuldig i fleire brot på Søreides opphavsrettar.

— Dei tok cd-en hennar, fjerna namnet henner som artist og komponist, erstatta bildet av henne med eit jernbanetog og la på fleire reklamelogoar, seier Panzer.

Erkjenner ansvar Advokaten opplyser at Flåm Utvikling betalte Søreide ei erstatning på 75.000 kroner etter at han tok ut stemning i saka.

— Vi er ikkje nøgd med denne summen, så frå vår side går det mot rettsak, seier Panzer.

Avtroppande direktør i Flåm Utvikling As, Olav Lühr, seier at selskapet for lengst har erkjent ansvar i saka. Han trudde at saka var ute av verda i og med eingongssummen dei har betalt motparten.

— Vi gjorde ein tabbe, og har erkjent det, seier han.

— Kor stort opplag trykte de av piratversjonen?

— Tusen eksemplar, trur eg det var. Omtrent halvparten gav vi vekk, resten selde vi, seier Lühr.

Han opplyser at selskapet har tilbydd Søreide heile fortenesta av salet i tillegg til erstatning.

— No har vi gjeve ein sum, og har ingen planar om å betale noko meir, seier direktøren.

Panzer kanl ikkje seie kor stort det endelege kravet i retten vil bli.

— Det blir ein kombinasjon av erstatning for tapt forteneste og oppreising etter rettens skjøn, seier han.

Ikkje første gong Det er ikkje første gong Flåm Utvikling er i hardt ver på grunn av opphavsrettane rundt huldre-gimmicken på Flåmsbana.

I fjor sommar vann filmselskapet Hybris Firm Vertig fram med sitt krav på opphavsretten til huldra i Kjosfossen i Flåm. Sogn Tingrett dømte Flåm Utvikling til å betale eigaren av åndsverket 450.000 kroner i vederlag for bruken av huldre-skikkelsen.

MARITA AAREKOL