Det er huldra i Kjosfossen i Flåmsdalen som er gjenstand for juridisk tautrekking. Huldra som hundretusenvis av passasjerar på Flåmsbana har sett med eigne augo.

Krev pengar

Onsdag 27. april tek den nye sorenskrivaren i Sogn tingrett, Harald Hjermann, fatt på tvisten mellom Hybris Film Vertigo, som har utvikla huldreprosjektet, og Flåm Utvikling, som driv Flåmsbana.

Og det står om pengar.

— Eg har oppfatta det slik at Flåm Utvikling meiner Huldreprosjektet var eit oppdrag som er avslutta og betalt for. Saksøkjar meiner å ha pengar til gode, seier sorenskrivar Steinar Velle til Bergens Tidende.

Han styrer Sogn tingrett fram til 1. april, då Hjermann tek over. Samstundes trappar Velle ned til tingrettsdommar med redusert arbeidstid. Han skal likevel administrera drapssaka ved Sogn folkehøgskule, som kjem for retten samstundes med huldresaka.

Suksess

Jarle Holstad i Hybris Film Vertigo seier til Sogn Avis at Flåm Utvikling manglar respekt for idear, opphavsrett og kunstnarisk uttrykk. Resultatet vart ein av dei største attraksjonane i landet, og eit viktig bidrag til suksessen for Flåmsbana, som stadig set nye passasjerrekordar. Holstad hevdar at selskapet hans har krav på vederlag etter åndsverklova.

Administrerande direktør Olav Lühr i Flåm Utvikling er for tida i India, og dei andre i selskapet ynksjer ikkje å kommentera ei sak som skal opp for retten.

Huldre-cd

Også kunstnaren Åsne Sunniva Søreide har reist krav om vederlag overfor Flåm Utvikling. Ho var den første huldra i Kjosfossen, og spela inn ei cd-plate med m.a. folketonen som huldrene har sunge for turistane. No skal Flåm Utvikling ha gitt ut same cd-en i ny innpakning. Namnet på artist og komponist er fjerna frå coveret, og originalbiletet bytt ut med bilete av eit tog, og reklame for selskapa i konsernet.

OGSÅ kunstnaren Åsne Sunniva Søreide har reist krav om vederlag overfor Flåm Utvikling. Ho var den første huldra i Kjosfossen.<p/> ARKIVFOTO: MARITA AAREKOL