For første gong deltok den omstridde pastoren i eit arrangement som også Den norske kyrkja står bak. Den felleskyrkjelege stormønstringa i Strusshamn kyrkje var i går kveld arena for ein religiøs leiar som ikkje utan vidare blir omfamna av sine trusbrør og -systrer.

— Visst har han noko å fara med, men han blir litt maskingeværaktig i måten å snakka på. Og så brukar han mange framandord. Vi skjønar dei, vi, men det er det ikkje sikkert at alle gjer, meinte eit eldre ektepar av den vanlege kyrkjelyden. Dei ba om å få vera anonyme.

Enevald «light»

Det blir ikkje lagt skjul på frå ansvarlege i den lokale kyrkjelyden at Enevald Flåtens vitjing slett ikkje er ukontroversiell. Og på talarstolen i Strusshamn kirke laut han leggja band på seg, samanlikna med slik han opptrer på heimebane på Kråkenes. Det var ifølgje dei same lokale kreftene eit av vilkåra for at han i det heile fekk lov til å koma og halda preik.

Men sjølv Enevald «light» sytte for å gje dei av dei frammøtte som ikkje hadde vore i nærkontakt med han før, ei annleis oppleving.

Orda kjem som skoten ut av ei mitraljøse når han etter kvart byggjer seg opp mot klimaks. Monotont. Inntrengjande. Innimellom, som på kommando, svarer følgjesveinane med små tilrop. «Amen». «Halleluja». Ved eitt høve enda det med trampeklapp mellom benkeradene i Strusshamn kirke.

Men slett ikkje alle tykte det var noko å klappa for.

«Kristen idoldyrking»

— Eg treng det ikkje på den måten for å fatta poenga, seier Vigleik Dyrøy frå Florvåg. Han har kone som er lærar i Levende Ord, men har ingen problem med å vere kritisk.

— Dei kan ikkje vere imot pavekyrkja. Dei utøver jo sjølve ein form for papisme, slik dei dyrkar leiaren sin. Dette er kristen idoldyrking, seier Vigleik.

— Eg trur Gud har sin veg med kvart eiskild menneske, og eg kan sjølvsagt ikkje seia at alle er klin galne sjølv om eg ser ting eg reagerer på her. Eg trur ikkje det er regissert, det som skjer der inne, men eg opplever at det er ein viss teknikk som blir brukt, og eg mislikar effektmakeriet, seier Vigleik Dyrøy.

Trond Thorsen er medlem i menigheitsrådet i Strusshamn. Han var ein ev dei som på førehand uttrykte skepsis mot at Enevald Flåten skulle få nytta talarstolen i den lokale kyrkja.

Han seier han fekk stadfesta at det var rett å vera skeptisk.

Sunt med gjerder

— Eg er skeptisk mot forma. Enevald Flåten brukar enormt med ord på ein enkel bodskap. Vi hadde ein annan forkynnar, Karsten Isachsen, her for halvanna veke sidan. Han heldt ei fantastisk preik endå om han brukte langt færre ord enn Flåten, seier Thorsen.

— Eg hadde ikkje tenkt å gå, men er glad for at eg gjorde det. No kan eg halda det opp mot den diskusjonen som sikkert kjem.

Sokneprest Øystein Skauge i Strusshamn kirke meiner det er sunt med gjerder mellom naboar.

— Men av og til skal vi opna porten og sleppa dei inn til oss. No har Enevald Flåten vore her, og Strusshamn kirke skal likevel stå i tida som kjem. Og når sant skal seiast, så var han ikkje ytterliggåande i høve til kva han elles kan koma med av teologiske utsegner, konstaterer Skauge.

Hovudpersonen sjølv var det ikkje godt å få snakka med. Han var bortimot halvannan time inne i preika si då BTs utsende tok med seg Thorsen og Dyrøy inn att i kyrkjerommet for å ta bilete. Etter to blitsblink frå nede ved inngangspartiet, tykte pastoren det fekk vera nok.

— Dere som tar bilde der nede, slutt med det. Slutt med den respektløsheten, kjefta Enevald Flåten.

Så vi slutta og let det vera med det.

NYFIKNE PÅ FLÅTEN: Trond Thorsen og Vigleik Dyrøy var to av dei mellom 150 og 200 som hadde teke turen til Strusshamn kirke for å oppleva pastor Enevald Flåten i tilnærma fri dressur i går kveld. Ifølgje sokneprest Øystein Skauge var kanskje berre 30-40 av dei representantar for den vanlege kyrkjelyden. Resten var truleg «importert».<br/>Foto: KNUT LANGELAND