I Bergens Tidende søndag sa arbeidsministeren at «vi skaper ikkje nytt næringsliv ved å drysse pengar over trengande bedrifter», med klar adresse til Hydro-verksemdene i Høyanger og Årdal. Dette er eit av fleire Norman-utsegn i intervjuet som har falt den Kjemisk-tillitsvalde ved Hydro Høyanger svært tungt for brystet.

— Har ikkje peiling

— Norman snakkar her om ting han ikkje har peiling på. Veit ikkje arbeidsministeren at Hydro-verksemdene i Høyanger og Årdal går med milliardoverskot, spør ein kraftig opptrekt Fredagsvik.

— Det er jo vi som dryssar pengar over Oslo, og ikkje omvendt!

Fredagsvik er også fortørna over at Norman slår Odda i hartkorn med verksemdene i Høyanger og Årdal.

— Det høyrer ingen stad heime å stille oss i same bås. Vi driv med aluminium, og har hatt svære overskot i ei årrekke. Dei siste fem åra har Hydro i Sogn i snitt hatt årlege overskot på 715 millionar kroner, og over milliarden dei to siste åra, seier Fredagsvik.

Han er mildt fortørna over å bli framstilt av statsråden som «trengande», og peikar på at det er modernisering og ikkje almisser Høyanger og Årdal treng.

- Tøvete solnedgang

— Begge stader finst det ferdige planar for prosjekt som vil vere lønsame og gode for Hydro. Utbyggingskostnadene kan faktisk tilbakebetalast på tre år, dersom vi berre kunne få drysse overskotet vårt over oss sjølve og ikkje pløye det inn til Oslo, seier Kjemisk-tillitsmannen.

I intervjuet kallar også Norman prosessindustri som den i Høyanger og Årdal for «solnedgangsindustri».

Nok ein raud klut framfor augene på den hovudtillitsvalde.

— Kva slags tøv er dette? Dersom Norman meiner at norsk aluminiumsindustri er ein solnedgangsindustri, bør nokon forklare mannen kvifor Hydro og Elkem nett no investerer milliardar i nettopp denne industrien på Sunndalsøra, Husnes og i Mosjøen, seier Fredagsvik.

— Dette er rett og slett tullete, og det er oppsiktsvekkande at ein arbeidsminister kan få seg til å bruke slike karakteristikkar om ein viktig nasjonal industri.

Fredagsvik er særleg uroa over signaleffekten, ettersom ein stor del av produksjonen i Høyanger er forelda og ikkje kan leve vidare etter 2006. Han fryktar at den delen som blir igjen, er for liten til å kunne forsvarast over tid. Difor hastar det med modernisering.