EYSTEIN RØSSUMYNGVE STEENSETH (GRAFIKK) eystein.rossum@bergens-tidende.no

Servicemannen Rune Grønningen (31) hadde aldri før vore på Oseberg Øst-plattforma då han kom om bord rett før jul. Julaftan skulle han vere med og flytte ein stabel produksjonsrøyr ute på dekk. Han oppdaga for seint at eit kranløft var på veg rett mot han, og omkom momentant då røyra trefte han over hovud, nakke og skuldre.No har granskingsgruppa frå Oljedirektoratet lagt fram sin rapport om ulykka. Kritikken mot plattform-operatøren Norsk Hydro er knallhard:* Det er avdekt ei rekkje brot på forskrifter, prosedyrer og praksis i samband med løfteoperasjonen.* Det har utvikla seg ein ukultur der brot på grunnleggande prinsipp for slike løft blir akseptert. * Det er uklare ansvarsforhold for arbeidet på røyrdekket. Dei skriftlege retningslinene samsvarer ikkje med praksis.* Røyrdekket er lite og veldig trangt, utan at Norsk Hydro har gjort noko med den vanskelege arbeidssituasjonen. Direktoratet sterkt uroa — Det mest alvorlege er at det ser ut til å ha vore ein kultur der prosedyrene ikkje har vorte etterlevd. Dette er ei leiingsproblem - i første omgang for plattformleiinga, men det kan også gå inn til leiinga på land, seier sikkerheitsdirektør Magne Ognedal i Oljedirektoratet.Han er sterkt uroa over det granskinga har avdekt, og direktoratet har varsla Norsk Hydro om ei lang rekkje pålegg etter det som har kome fram: * Norsk Hydro må gå igjennom alle aktivitetane sine til havs for å forvisse seg om at det ikkje finst liknande tilhøve på andre installasjonar. * Norsk Hydro må gje ei totalvurdering av korleis Oseberg Øst blir styrt. Dei må straks leggje fram ein plan for korleis gjennomgangen skal utførast. * Bygd på denne gjennomgangen må selskapet leggje fram ein tiltaksplan for korleis tryggleiken på Oseberg Øst kan bli betre. Taust i Norsk Hydro Dødsulykka julaftan er framleis under politietterforsking.- Vi skal ha eit møte med Oljedirektoratet. Det står fortsatt att mykje etterforsking, seier politiavdelingssjef Olav Jørpeland ved Stavanger politikammer.Ingen i Norsk Hydro ville i går svare på spørsmål om ulykka og den knallharde kritikken selskapet får.- Det er ei svært tragisk sak og vi får alvorleg kritikk. Vi har tryggingsarbeid øvst på vår dagsorden i konsernet - likevel skjer altså dette. Eg må setje meg inn i rapporten frå Oljedirektoratet før eg kan svare på spørsmål om saka, seier divisjonsdirektør Lars Bjerke, som er sjef for Norsk Hydros aktivitet på norsk sokkel.

Se også: Aldri sett hardare kritikkOljebransjen blir farlegare

Kranføraren (1) skulle flytte sju 13 meter lange produksjonsrøyr. På grunn av blindsona bak ein vegg (2), såg han ikkje Rune Grønningen og kollegaen hans (3) som stod oppe på røyrstabelen. Midtvegs i løftet oppstod det rotasjon i røyra. Kranføraren var redd for å treffe to andre arbeidarar som han såg lengre borte (4), og sette lasta raskt ned på dekk. Rune Grønningen vart treft over hovud og nakke, og omkom momentant. Kollegaen hans unnslapp så vidt. Alt var gale:

Det var ikkje klarert om nedsettingsområdet var tomt for folk eller ikkje.

Det vart ikkje brukt flaggmenn under løftet, trass i at det fanst ei blindsone.

Det var ikkje skikkelig kommunikasjon mellom dei involverte.

Det var ikkje gitt arbeidsløyve for arbeid oppe på røyrstabelen.

Det vart arbeidd i høgda utan sikring mot fall.

Dei som utførte arbeidet mangla kunnskap om farar og prosedyrer for slike løft.

Evakueringsvegen var delvis blokkert.