Ei misforståing førte til at ingen røykdykker tok seg fram til Irlin Hunstad Grødem før det var for seint. Den 27-årige Stord-kvinna omkom av kolosforgifting då ho blei liggjande att i loftshusværet i det brennande huset på Årvoll i Oslo. Bergingsmannskapa tok feil av 27-åringen og ein person som blei berga ut av huset. Irlin blei verande i leiligheten sin, i tiltru til lovnaden frå alarmsentralen om at ho skulle bli henta.

— Opptaket er eit viktig bevis i saka. Tre gonger i løpet av samtalen med sentralen blei det stadfesta at ho var i tredje etasje i huset. Ho fekk klar beskjed om å halda seg der, seier Marit Grødems advokat Frode Sulland til Bergens Tidende.

— Det var ein telefonsamtale som gjorde inntrykk. Det var vondt for mora å høyra den redde dottera som fortvila bad om å bli berga, seier Sulland.

Opna for erstatningssak

Oslo kommune er tiltalt av påtalemakta fordi kommunen nektar å betala bota på ein million kroner for bergingsarbeidet som gjekk gale. Ved opninga av straffesaka i går gjentok kommunens representant at han ser seg skuldfri, melder Aftenposten.

Ein siger for Marit Grødem og avdokat Sulland var det i går at lagmannsretten gav dei medhald i at det parallelt med straffesaka kan førast erstatningssak på vegner av Grødem.

Då kjenninga frå lagmannsretten fall i går, tok Sulland straks på seg advokatkappa og tok plass framme ved dommaren saman med Marit Grødem, som krev erstatning for utgifter i samband med dødsfallet til dottera - og for bortfall av inntekter i perioden etter at Irlin døydde. I tillegg blir det kravd oppreisning for smertene som Marit Grødem og familien er påført ved tapet av Irlin Hunstad Grødem.

Oslo tingrett kan likevel finna lovheimel for å nekta erstatningssak parallelt med straffesaka. Advokat Sulland er derfor budd på å pakka saman att den svarte kappa før forhandlingane i tingretten er over.

OFFER FOR FATAL FORVEKSLING: Tre gonger i løpet av samtalen med Oslo brannvakt sin alarmsentral blei det stadfesta kor Irlin Hunstad Grødem oppheldt seg i det brennande huset. Ho blei beden om å bli verande i påvente av røykdykker som kom for seint på grunn av misforståing. FOTO: PRIVAT