Til no har dei fleste trudd at Høgre i saka om Storetveitåsen heile tida var for å gje grunneigarane skikkeleg betalt. I kommunerevisjonen sin rapport, som bystyret skal behandle i dag, står det at formannskapet 2. september 1998 avviste rådmannens forslag om å avgjere innløysinga av friområdet ved rettsleg skjønn.

Høgre stemte mot Frp

Men kommunerevisjonen skriv at dei ikkje har fått fatt i protokollen frå møtet. Det har BT. Den viser at kommunerevisjonen tek feil: Formannskapet vedtok rådmannens innstilling.

Protokollen viser òg at Framstegspartiets Arne Sortevik fremja eit motforslag, om at kommunen skulle godta ei framforhandla løysing med grunneigaren «innenfor en øvre ramme på 10. mill. kroner.»

Forslaget til Frp fekk berre partiets eigne røyster. Dei andre partia, som inkluderte Høgre, støtta rådmannens forslag.

Frykta tap

Når formannskapet vedtok å krevje rettslag skjønn betyr det at retten skulle ta stilling til kva grunneigaren skulle få i kompensasjon for at åsen vart friområde.

Eitt eller to år etter trakk grunneigar, storselskapet Lindstow, kravet om innløysing tilbake. Etter det BT kjenner til meiner kommuneadvokaten dette skjedde fordi Høgsterett på slutten av 1990-talet knesette nye prinsipp for erstatning for friområde. Kort fortald ville grunneigar få lite att ved eit rettsleg skjønn.

Våren 2003 bad så byrådet kommuneadvokaten setje i gang ekspropriasjonssak, noko som ville gitt grunneigaren 350.000 kroner for friområdet.

Storm i bystyret

Kort tid etter valet i 2003 gav så byrådsleiar Monica Mæland kommuneadvokaten ordre om å stoppe arbeidet med ekspropriasjonen.

Hennar hovudargument er at innløysinga av friområdet vil koste fleire millionar kroner. Det trass i at ei ekspropriasjon truleg ville kosta kommunen lusne 350.000 kroner.

Mæland kan vente seg hard kritikk frå opposisjonen når saka kjem opp i bystyret i ettermiddag. Kommunerevisjonen meiner Mæland har brote med intensjonen i bystyrevedtaket om å gjere Storetveitåsen til friområde.

Men det er allereie klart Høgre, KrF, Pensjonistpartiet og Framstegspartiet vil sikre fleirtal for å avfeie kritikken.