Likevel overlet statsråden til styret i Helse Vest å avgjera om dei 570.000 kronene skal takast imot eller ikkje.

Dette kom fram etter at Hordaland-representant Audun Bjørlo Lysbakken (SV) spurte om «det er akseptabelt at tilbudet til fødende kvinner blir avhengig av gaver fra en fattig kommune».

Dermed må fødande i Sunnhordland venta til fredag før Helse Fonna tek imot Stord-løyvinga som kan unngå feriestenging av fødeavdelinga ved Stord sjukehus i ein månad i sommar.

Audun Bjørlo Lysbakken repliserte til Høybråten at det var skuffande at statsråden ikkje gav eit tydelegare signal til Helse Vest og Helse Fonna i denne saka.

Lysbakken viste til at helseministeren var klar i prinsippet om at helseføretak ikkje skal ta imot gåver som legg bin-dingar på føretaka i organisering— og lo-kaliseringsspørsmål.