Det er klart etter at helseministeren møtte demonstrantar frå Sogn og Nordfjord igår. Demonstrantane kjempar mot Helse Vest sine planar om å skjære ned på tilbodet frå sjukehusa i Lærdal og Nordfjordeid.

— Slik som denne saka har utvikla seg så er omorganisering av føde- og akuttavdelingar i Helse Vest ei politisk sak, seier Høybråten.

Høybråten lovar ei avklaring før sommarferien.

Å få flytta avgjerda bort frå styret i Helse Vest og opp på eit politisk nivå er første mål for demonstrantane. Det er feil å overlate slik avgjerdsler til folk som skal styre etter bedriftøkonomiske prinsipp, meiner Bente Øien Hauge, som var med på overrekkinga av 13.191 underskrifter mot nedskjæringar på Lærdal Sjukehus.

— Helse Vest kan ikkje tvinge gjennom ein modell for Sogn og Fjordane som passar godt på det flate Austlandet, seier Øien Hauge.

MØTTE AKSJONISTAR: Helseminister Dagfinn Høybråten tok i går imot underskrifter frå sjukehusaktivistar frå vest.<p/>FOTO: HÅVARD BJELLAND