For nokre veker sidan vann ei anna Høyanger-kvinne 2,5 millionar kroner. Onsdag kveld hamna ein av historias største tippepremiar i bygda.

Gevinsten på 11,5 millionar kroner er den fjerde største i landet, og klart største enkeltgevinst i Sogn og Fjordane gjennom tidene. Den gamle fylkesrekorden hadde ein spelar som i 1991 vann 7,1 millionar på Lotto.

Tidenes høgaste premie vann eit spelelag frå Hedmark som kunne hente ut 20 millionar kroner for nokre år sidan. Største gevinsten til ein enkeltspelar hamna hos ei kvinne i Drammen som for eit par år sidan vann 18 millionar.