Kvinna visste ikkje om at ho hadde vunne, og fekk rett og slett hakeslepp då Norsk Tipping fekk kontakt med ho i føremiddag.

— Ho ønskjer inntil vidare å vere anonym, får bt.no opplyst hos informasjonsavdelinga i Norsk Tipping.

Kvinna er i 40-åra, er gift, har barn og er i jobb. Men det er også alt Norsk Tipping vil fortelje om den heldige vinnaren.

Gårsdagens topputbetaling er den fjerde største Vikinglotto-gevinsten her i landet gjennom tidene, og største tippepremien nokon gong i Sogn og Fjordane. Den tidlegare rekorden i Sogn og Fjordane er frå 1991, då ein person vann 7,1 millionar kroner i Lotto.