— Skal vi få til omstilling må det skje i samarbeid mellom Hydro, kommunen, investorar, bankar og sentrale styremakter. No er det på tide at staten kjem på bana med midlar. I statsbudsjettet er det sett av 61,2 millionar kroner til næringsutvikling i Sogn og Fjordane. Kor langt kjem vi med det? spør Kjartan Longva.

Tener ikkje nok pengar

Ingen trudde at generaldirektør Eivind Reiten skulle snu på flisa og love modernisering av aluminiumverket då han i går kom til Høyanger. Han rosa Høyanger-verket for å ha redusert kostnadene, slik at det i dag framstår som best i den «interne meisterskapen». Men det er ikkje nok:

— Vi meiner Høyanger ikkje vil ha tilstrekkeleg konkurransekraft etter ei modernisering mot den internasjonale konkurransen vi ser vil komme, sa han.

Reiten slo tvert om krystallklart fast at selskapet ikkje vil investere i primæraluminium i Norge dei kommande åra.

— Ikkje eit einaste av dei norske aluminiumverka tener i dag nok pengar, sa Reiten på pressekonferansen etter allmøtet for dei Hydro-tilsette.

Det betyr at Søderberg-anlegga i Høyanger og Årdal blir stengde, seinast 1. januar 2007. Men dei andre hallane blir drivne vidare «i overskueleg framtid», som Reiten vel å uttrykkje det.

Vil bidra til omstilling

Generaldirektøren la stor vekt på å understreke at Hydro kjenner sitt ansvar, og at dei vil bidra både med pengar og kompetanse til næringsutvikling og omstilling i dei to industrisamfunna ved Sognefjorden som no kan misse i overkant av 1000 arbeidsplassar.

— I startfasen er omstilling alltid smertefullt. Men eg har stor tru på at vi skal få det til, sa Reiten. Og lova i same snuen at han vil komme tilbake til Høyanger om nokre år.

— Då trur eg folk vil seie at det var godt det vi har gjort.

Men kor mykje pengar Hydro er villig til å leggje på bordet, ville han ikkje konkretisere.

— Det kan eg ikkje svare på no. Det vil avhenge av alternativa som dukkar opp, og korleis vi vel å løyse dei.

Sal er ein blindveg

På pressekonferansen understreka generaldirektøren at Norsk Hydro ikkje vil stille seg i vegen for eit sal av verket i Høyanger. Føresetnaden er at andre meiner dei kan utvikle Høyanger-samfunnet på ein meir positiv måte enn det Hydro kan klare. Men Reiten la ikkje skjul på at han sjølv meiner sal er eit lite realistisk alternativ.

— Etter mi meining er det ein blindveg.

Og i Høyanger er ordføraren alt i full gang med å tenkje omstilling. Sjølv med ei modernisering, vil over 100 arbeidsplassar forsvinne. Fordi ein ny hall med meir moderne teknologi kan drivast med langt færre operatørar enn dagens Søderberglinje. Alt neste veke blir det avvikla omstillingskonferanse i bygda.

— Men vi er i ein ekstraordinær situasjon. Då treng vi også ekstraordinære tiltak, seier ordførar Kjartan Longva.

NEI TIL MODERNISERING: Bodskapen var krystallklar då Eivind Reiten kom til Høyanger i går. Norske aluminiumverk tener for lite. Det blir ikkje nyinvesteringar i aluminiumproduksjon.<p/>FOTO: ODDLEIV APNESETH