Går felgfabrikken dukken, kan bortimot 500 arbeidsplassar gå tapt. Arbeidsløysa i Sogn og Fjordane vil auke med 50 prosent.

Fylkesdirektør i NAV, Thore Thorsnes, meiner beste tiltaket no for å motverke auka arbeidsløyse i fylket, er å syte for at Fundo blir drive vidare.

— I dag er det 1000 ledige i fylket. Stoppar Fundo reknar vi med at bortimot 500 personar vil bli utan arbeid, sa Thorsnes under møtet med statssekretær Rikke Lind i går.

Konsekvensane av nedlegging på Fundo vil på kort sikt vere enorme for Høyanger-samfunnet. 500 arbeidsplassar er meir enn ti prosent av innbyggjartalet i kommunen. Det vil vere som om 30.000 arbeidsplassar forsvinn i Bergen. Dersom produksjonen stoppar, er NAV klare til å gå inn med ekstraordinære tiltak.

Ordførar Kjartan Longva gjer det klart at kommunen i så fall må ha omstillingsmidlar på same måte som då Hydro tok ned produksjonen på aluminiumverka i Høyanger og Årdal for nokre år sidan. Statssekretær Lind avviste ikkje ein slik krisepakke. Dersom felgfabrikken stoppar, blir det eit møte for å drøfte tiltak i Oslo tidleg i neste veke.