Kvinna som kasserte inn førstepremien laurdag veit truleg ikkje at ho har vunne over 5,1 millionar.

— Vi har ringt fleire gonger, både laurdag og i går, men har ikkje fått kontakt. Det er vel mykje som tyder på at ho er reist på påskeferie, seier pressetalsmann Pål Enger i Norsk Tipping til Bergens Tidende.

Deler førstepremien

Vinnarspelet var ein fem-vekers kupong kjøpt på kolonialbutikken Atles Daglegvarer på Kyrkjebø 21. mars. Kvinna var ein av to spelarar som hadde dei sju rette tala på Lotto-kupongen laurdag. Ho deler denne vekas førstepremie på 5.101.735 kroner med ei dame i 50-åra frå Nittedal kommune i Akershus.

— Vi kjenner oss relativt sikre på at kvinna ikkje veit at ho har vunne. Ofte ringer vinnarane hit til oss før vi tek kontakt, for å få stadfesta at dei verkeleg har vunne. Med kupongar som går over fleire veker er det nok slik at mange spelarar ikkje tenkjer på å sjekke tala. Det er vel sannsynleg at det har skjedd denne gongen, og at kvinna lever uvitande om gevinsten, kommenterer Enger.

Kvinne nok ein gong

Dette er altså den tredje toppgevinsten på eit halvt års tid som har hamna i industrikommunen ved Sognefjorden. Alle dei tre vinnarane har vore kvinner.

I slutten av oktober vann ei Høyanger-dame 2,5 millionar kroner. Og tidleg i november hamna ein av historias største tippepremiar i bygda. Ei 40 år gammal kvinne vann toppgevinsten på 11,5 millionar kroner i Viking Lotto. Dette er fjerde største premiesum som er utbetalt i landet, og klart største enkeltgevinst i Sogn og Fjordane gjennom tidene.

Tidenes høgaste premie vann eit spelelag frå Hedmark som kunne hente ut 20 millionar kroner for nokre år sidan. Største gevinsten til ein enkeltspelar hamna hos ei kvinne i Drammen som for eit par år sidan vann 18 millionar.