I eit krisebrev til politikarane skriv Handelssamskipnaden at "det er stagnasjon i omsetningen, at fleire forretningar har gitt tapt i det siste og at hus til salgs-annonsar kjem stadig oftare i Høyanger".

No ber skipnaden om eit møte med politikarane, og skriv vidare at dei føler dei stangar mot veggen.

Rådmann Arvid Lillehauge er samd i at det er liten aktivitet i Høyanger. Til avisa Ytre Sogn seier han at det ikkje er kommunen si oppgåve å skape aktivitetar; det må næringa sjøl stå for ifølgje rådmannen.