Prosjektet vil gje nær 200 arbeidsplassar i anleggsperioden på fire år, og kommunen ti millionar kroner ekstra i skatteinntekter.

Regeringa hadde to alternativ, og valde Høyanger på bekostning av Lånefjorden i Balestrand kommune.

— Denne utbygginga vil gje tilgang på ny produksjon og er eit viktig bidrag til Regjeringa si satsing på meir fornybar energi. Samtidig er dette utbyggingsprosjektet eit godt eksempel på at vi kan få meir produksjon i eit område som tidligare er bygd ut, sier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen i ei pressemelding.

Daleelva i Høyanger vil med dette få økt vassføring over året med positive verknader for laks- og sjøaurebestanden. Eit ca 72 km2 stort nedbørsfelt vil bli tilbakeført til elva. Eksisterande kraftledninger i Dalsdalen vil bli fjerna.

Utbygginga vil også gje stor sysselsettingseffekt for distriktet for heile utbyggingsperioden, og den kjem til å gje positive ringvirkninger for næringslivet i området.

Eiriksdal kraftverk vil gi en årleg kraftproduksjon på ca 100 GWh, som tilsvarar det årlige forbruket til ca 5.000 husstandar. Totalproduksjonen i Høyangervassdraget vil med denne tilleggsutbygginga komme opp i overkant av 1.000 GWh pr år.

NØGD ORDFØRAR: - Dette var på tide. Vi sprettar sjampanjen, sier ordførar Kjartan Longva i Høyanger.
Oddleiv Apneseth