KJERSTI MJØR

Dette er utfallet etter eit fire timar langt møte mellom Eriksen og leiinga i Vest Ambulanse torsdag kveld, der temperaturen til dels skal ha vore høg.

Men etter det BT har grunn til å tru, skal Vest Ambulanse ha beklaga overfor Eriksen det som har skjedd, og vedgått at det ikkje har vore grunn for oppseiing. Dette kan Eriksen bekrefte.

— Ja, men eg ønskjer ikkje å kommentere saka ytterlegare, svarar han, og viser til advokaten sin.

KFO-advokat Yngve Glent er også knapp i sine kommentarar.

— Partane har vore usamde om fleire ting, men dette er no avklart. No håpar dei å leggje eit godt grunnlag for vidare samarbeid.

Ambulansesjåfør og KFO-hovudtillitsvald Helge Eriksen har vore utestengd frå arbeidsplassen sin sidan han mottok eit brev frå Vest Ambulanse-leiinga forrige måndag. I brevet stod det at Eriksen var fristilt frå arbeidsoppgåvene sine inntil vidare, og at det på eit møte 12. september skulle vurderast om han skulle seiast opp. Samarbeidsproblem mellom leiinga og tillitsvalde skal vere årsak til den vanskelege situasjonen.

Tidlegare denne veka var heile åtte av nitten sjåførar i ambulanseselskapet sjukmelde. Stort arbeidspress og langvarig slitasje skal ha vore årsak til dei fleste sjukmeldingane.