Som student i Oslo erkjente stryningen i Nordfjord forhøyrsrett at han har formidla til saman 3,75 kilo hasj frå kjelder i hovudstaden til lokalmiljøet heime.

Mannen er rekna som heilt ei sentral kjelde til den enorme narko-oppblomstringa politiet registrerte sist vinter og vår, og som resulterte i over hundre nye enkeltsaker i politiets mapper. I retten vart han forsvart av advokat Christian Wiig.

I skjerpande retning legg forhøyrsretten vekt på at 21-åringen sjølv gjekk aktivt ut i lokalmiljøet for å skaffe kjøparar til stoffet. Førstemann han spurde, takka sågar nei. Men etterkvart fekk han kameratar med på opplegget.

— Det er klart at sikta visste at stoffet ville bli omsett i lokalmiljøet, og at det var ein betydeleg fare for spreiing av stoffet, heiter det i dommen, der det elles går fram at 21-åringen ikkje sølv brukar narkotika.

Han skal heller ikkje på annan måte ha blitt pressa inn i narkotikahandelen.

I formildande retning påpeikar retten at stryningen ikkje har tent store pengar på narkohandelen, og at han gjennom tilståinga har bidratt til å oppklare saka.