Hove har allereie tre perioder på Fylkestinget bak seg og har tidlegare representert Venstre i Utanrikskomiteen på Stortinget.

— Eg er takksam for å ha fått fornya tillit frå Hordaland Venstre. Eg kjem til å kjempe for eit sterkt folkevald regionalt nivå og ein betre skule, sa Hove då han vart vald.

— Eg er overtydd om at Venstre kan oppnå meir enn fordobla representasjon på Fylkestinget etter valet til hausten, sa Hove. I dag er Venstre representert med Harald Hove og Ingebjørg Winjum frå Granvin. Winjum ynskja ikkje attval.

På andreplass valde nominasjonsmøte sjukepleiar Anne Beth Njærheim (42) frå Bømlo og på tredjeplass Inge Børslien (45) frå Odda. Børslien er utflytta bergensar og privatpraktiserande fysioterapeut i Odda. Han er dessutan leiar og stiftar av Folkeaksjonen for Jondalstunnel.

Bjørne Magne Hufthammer frå Austevoll er Hordaland Venstre sin ungdomskandidat og vart vald til fjerdeplass på lista. Idun K. Bortne frå Bergen, Sølvi M. Mangerøy frå Radøy, Torstein Hatlevik frå Tysnes og Sverre Kleivkås frå Ullensvang vart vald på dei neste plassane på lista.