Edward Leftwich, alias DeejayDj, speler vokalbasert house på klubbar i storbyar som Paris, Miami, Singapore og Amsterdam. Han bur i Nordfjordeid og driv organisasjonen Boogie Events med kona Ann Elin Leftwich.

Saman ville dei tilby nordfjordingane ein skikkeleg dansekveld med funky og soulmetta houserytmar påskeaftan. Men kommunen set foten ned, og vil ikkje gje organisasjonen skjenkeløyve.

Lensmann redd narkofest

— Frå kommunen får me høyre at dei knyter musikken med narkotika. Dei trur arrangementet vil trekke til seg folk som brukar narkotika. Eg trur heller det er mangel på kunnskap, dei veit ikkje forskjell på trance og house, seier Ann Elin Leftwich.

Også lensmann Webjørn Moe i Nordfjordeid uttrykker skepsis til festen:

— Vi trur det blir mange ungdommar til stades, og vi veit at det skal vere ølservering. I tillegg fryktar vi at arrangementet skal trekke med seg narkotika, seier lensmannen til NRK Sogn og Fjordane.

Det har ikkje tidlegare vore problem for kommunen å gje skjenkeløyve til andre dansearrangement i Idrettshallen i Nordfjordeid. Årleg vert det arrangert dansegalla, også denne med 18 års aldersgrense.

- Ikkje peiling på musikk

Boogie Events hadde avtale om ni securitasvakter, to politivakter og 20 frivillige vakter. Likevel frykta kommunen for dårleg vakthald.

— Dette er forskjellsbehandling ut frå musikktype, sjølv om dei ikkje har peiling på kva musikken eigentleg er og står for. Dei trur at vi vender oss til ei målgruppe berre for ungdomar, men vi har 18 års aldersgrense. Dette er musikk for langt fleire enn 18-20 åringar, seier Ann Elin Leftwich.

Rune Engeseth, helse- og sosialsjef i Eid kommune, vil ikkje uttale seg til BT på fredagskvelden.

— Kvifor kan ein tillate skjenkeløyve på dansegalla og ikkje på dansekveld med house-rytmar?

— Det kan du få svar på mandag. No har eg fri, seier Rune Engeseth.