— Streikebryteri, meiner Hotell- og restaurantarbeiderforbundet.

SAS-hotellet på Bryggen i Bergen blir tatt ut i streik i dag. Men trass i at nær alle dei fast tilsette stuepikene blir tatt ut i streik, vil hotellet halde ope. Ifølgje hotellsjef Rita Steckmest Sivertsen vil hotellet drive vidare med 50-60 prosent kapasitet.

Romma skal i hovudsak ryddast av innleigde ekstrahjelper, noko som provoserar Hotell- og restaurantarbeiderforbundet. Dei meiner dette er streikebryteri og brot på spelereglane i arbeidslivet.

Det vil ekstrahjelpene merke når dei i dag går på jobb. Ifølgje Hamre vil dei der bli møtt med klare meldingar frå dei streikande.

— Dei vil bli fortald at viss dei kjem inn og jobbar, så blir det sett på som streikebryteri, seier Hamre.

Hotellsjef Steckmest Sivertsen er usamd i at dei bryt spelereglane. Ho seier ekstrahjelpene lenge før streiken var sett opp på arbeid heile neste veke.

— Dei av våre ekstrahjelper som har stått på vaktlister før streiken skal få jobbe, seier hotellsjefen, som vedgår at dette ikkje er dei same vaktlistene som dei fast tilsette.

Steckmest Sivertsen reknar med at hotellet vil kunne halde det gåande i fleire veker med nedsett kapasitet. Hotellet var nær fullt frå i dag, så ei rekkje gjester som hadde bestilt har fått beskjed om at dei får bu på hotellet.

Steckmest Sivertsen set no sin lit til at riksmeklingsmannen skal få slutt på streiken når han kallar partane inn til nye møter tysdag. Blir streiken langvarig, vil hotellet måtte stenge, vedgår hotellsjefen.

— Vi har ikkje ekstrahjelper inne på vaktlister om tre veker, seier ho.