Men det er svært tvilsamt om paret får sjå noko som helst til dei over 500.000 kronene som dei er tilkjent i lønskompensasjon, oppreisningserstatning og sakskostnader. For Skånevik Fjordhotel AS blei slege konkurs i mars i år, og det er minimalt med midlar i eit konkursbu som har fått innmeldt krav for 2,5 millionar kroner.

Hoogerhuis sin advokat Sturla Vestly opplyser at lønserstatninga på 370.000 kroner blir fremja for statens lønsgarantifond. Håpet er at fondsstyringa ser på det tidlegare styrarparet som lønsarbeidarar ved hotellet i Skånevik Hotellets konkursbu møtte ikkje til rettsforhandlingane i Bergen tingrett, som derfor har avsagt ein fråversdom.

Bente og Piet Hoogerhuis si sak mot fjordhotellets morselskap Hordaland Havbruk Holding er utsett grunna sjukdom. Bak selskapet står oppdrettsgründaren Endre Rundhovde, som i Skånevik-etableringa allierte seg blant anna med Kvinnherad-ordførar Aksel Kloster.