Kvinnherad-hotellet var ikkje representert i Bergen byrett under rettsforhandlingane sist veke. Bedrifta sin prosessfullmektig, advokat Willy Dalheim trekte seg to veker før rettssaka då Gordon avviste eit forlikstilbod om 60.000 kroner.

Oppsagt

Bjørg Gordon har arbeidd ved Husnes hotell i lange periodar heilt frå 1971, og har vore ein sentral tillitsvalt der. Ho var restaurantsjef frå 1996 fram til ho blei sjukemeld sommaren 1999.

Gordon blei oppsagt i august 2000, ei veke før ho blei friskmeld. Hotellet grunngav det med innskrenkingar og at stillinga hennar ikkje lenger eksisterte. Kort tid i førevegen hadde hotellet likevel lyst etter nye medarbeidarar.

Retten understrekar at Arbeidsmiljølova opererer med eit særskilt rettsvern ved sjukdom.

— Pengane ikkje viktigast

Bjørg Gordon seier at det viktigaste ved dommen er signalet ut til dei som arbeider ved hotellet om at ein arbeidsgjevar ikkje kan oppføra seg slik det har skjedd overfor henne. Ho seier at pengane ikkje er viktigaste, men er likevel glad for å få erstatning for tapt arbeidsforteneste og for tort og svie.

I tillegg til 299.000 kroner i erstatning for tapt inntekt og 40.000 kroner for ikkje-økonomisk skade, må Husnes hotel AS betalala Bjørg Gordons sakskostnader på vel 90.000 kroner.

— Vi er nøgde med dommen, som også understrekar kor viktig det er å ha støtte av fagforeininga si i ei slik sak, seier advokat Jarle Ringheim i Kluge Advokatfirma, som har ført saka for Gordon og Hotell- og restaurantarbeiderforbundet.

— Det burde vera sjølvsagt at 40-50 tilsette ved dette hotellet, ein hjørnesteinsbedrift i lokalsamfunnet, bør kunna stola på at arbeidsgjevaren opptrer seriøst, er kommentaren frå Arild Hamre i Bergen Hotell- og restaurantarbeiderforening.