Den 31 år gamle forpleining— og administrasjonsleiaren frå Bergen har lenge følgt bygginga av Kvitebjørn-hotellet på Stord. Den tipp topp-utstyrte bustadmodulen til ein kvart million kroner forlet Leirvik Module Tecknology i slutten av mai for å bli kopla på Kvitebjørn-dekket ved ABB i Haugesund.

Først i januar neste år kan Nina Brundtland ta imot overnattingsgjester offshore, to mil søraust for Gullfaks. Det 1200 tonn tunge hotellet i aluminium har 95 senger, helikopterdekk, kaffibar, salong, matsal og trimrom, blant anna.

— Folk kan gle seg til å jobba og opphalda seg om bord. Den finaste bustadmodulen i Nordsjøen, seier Nina Brundtland.

Ho har tolv års offshoreerfaring i Statoil, og har før hatt «hotellsjef»-stillingar på Gullfaks B, Sleipner og Åsgard A og B. På Kvitebjørn får ho leiaransvar for 22 tilsette fordelt på tre skift.

Familiedag

I går arrangerte Leirvik MT open bedrift og bustadmodul for dei 270 tilsette sine familiar. Administrerande direktør Harald Karlsson viste stolt fram Kvitebjørn, og fortalde at Leirvik MT er klar for å gå i gang med sitt neste offshore hotellbygg, til BPs Claire-plattform på britisk sokkel.

Familiedagen baud på levande Chiclets-musikk, grillmat, brus og is og køyring med brannbil for dei minste. Alle fekk også høve til å klatra 30 meter til topps på bustadmodulen. Ved helikopterdekket på toppen venta Leirvik MTs prosjektleiar Kjell Arne Halleraker med diplom til ungane som nådde toppen.

HOTELLSJEF TIL HAVS: Nina Brundtland er klar for sjefsjobben på nok eit Nordsjøhotell, på Statoils Kvitebjørn-plattform ved Gullfaks. FOTO: OVE OLDERKJÆR.