— Eg er både stuepike, servitør og direktør. For tida er det steinhard jobbing. Men det er spennande og kjekt, seier direktør og hovudeigar Ronald Hareide (45) ved Fitjar fjordhotell i Sunnhordland. Sunnmøringen sleit seg ut som hotelleigar på Hareid, blei lærar og flytta til Fitjar, for der å hamna bak hotellskranken att i 1996.

— Hotellet er veldig viktig for oss. Dei fleste kundane kjem langvegs frå og er avhengige av overnatting når dei er her, seier direktør Svein Sandvik i skipskonsulentfirmaet Vik-Sandvik AS, suksessbedrifta på Fitjar som har kundar frå heile verda, mange av dei vande med å bu på dei mest luksuriøse Sheraton- og Hilton-hotell.

— Dei er positive til hotellet i bygda og skryt av kjøkenet. Men enkelte kommenterer at standarden på romma nok kunne vore litt høgare, seier Sandvik.

Problem i kø

I mange strandstader og bygdesentra på Vestlandet blei det på slutten av 1800-talet og på 1900-talet reist hotell og pensjonat for å ta i mot turistar og industrikundar. I tillegg til reine overnattingsstader for reisande blei dei viktige institusjonar for bygdefolk og lokalt kultur- og bedriftsliv.

Dei som satsa på heilårsdrift og som låg utanom turiststraumen fekk røyna at det ikkje var noko gullgruve. I lokal- og distriktsavisene har me dei seinare åra lest om den økonomiske vanlagnaden til hotell på stader som Husnes i Kvinnherad, Godøysund i Tysnes, Skånevik i Etne, Solfonn og Tyssedal i Odda og Øystese i Kvam. Alle desse stadene er det siste året komne inn nye interessentar med ny giv og ny kapital, men drifta ligg framleis nede på Godøysund og Solfonn.

Bergingsaksjon

Tilbake til Fitjar. Skipskonsulentfirmaet Vik-Sandvik var med og tok initiativ til at Fitjar fekk sitt eige hotell for tjue år sidan, og måtte trø til att ti år seinare i ein økonomisk bergingsaksjon då konkursspøkelset hadde innhenta også dette hotellet, som har 24 rom og tilsvarande mange i eit nyare sportell ved Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Kokk- og stuertutdanna Ronald Hareide var med på å byggja opp servitørlina ved Fitjar vidaregåande skule då Vik-Sandvik inviterte han til å få hotellet «opp og stå». 1,8 millionar kroner blei investert, og seinare har Fitjar fjordhotell gått med overskot, med unntak av ein smell i 2004 då Hareide var sjukmeld. Ronald Hareide overtok vel 80 prosent av aksjane i 1999.

Fleksible tilsette

— Eg likar utfordringar. Det som gir deg mest er tilbakemeldinga frå gjestene og det å klara å byggja opp ein organisasjon som fungerer, men som ikkje drep deg økonomisk. Ei spesiell utfordring for småhotella, som derfor er avhengig av fleksible tilsette, seier Ronald Hareide engasjert i ein pause i borddekkinga til ein firmalunsj i går.

— Det er ein tøff bransje. Utfordringa er å få det til å gå rundt heile året med eit fullverdig hotell i ei bygd med 3000 innbyggjarar. Me overlever ikkje utan å vera kreative, seier hotelldirektør Hareide. Som gjennom seks år har hatt den hyperkreative revygeneralen Ole Bergesen involvert i drifta.

— Folk vil underhaldast. Ole og teaterlaget finn på ting som gjer at folk kjem hit. Sommarrevyen trekkjer 5000 gjester, 80 prosent av dei er tilreisande.

Fitjar fjordhotell har tona ned satsinga på gruppereiser, men har ein god del kurs og konferansar. Ronald Hareide trur eit hotell i Fitjar, som blant anna konkurrerer med tre hotell på Leirvik på Stord, vil vera liv laga også i framtida.

— Næringslivet her er avhengig av å ha eit hotell. Det er bygdefolket óg, blant anna til konfirmasjonar og bryllup. Behovet vil derfor vera der heile tida, trur Ronald Hareide.

SNUOPERASJON: Ronald Hareide var med på snuoperasjonen for eit Fitjar fjordhotell i økonomisk uføre, og leiar no eit aktivt hotell med pluss i rekneskapen.
OVE ODERKJÆR