Arbeidande styreformann Helge Bauge trekte seg ved årsskiftet. Til helga tilset eigarselskapet bak hotellet ny leiing ved verksemda der Kvinnherad-ordførar Aksel Kloster har fått ei sentral rolle på vegner av investoren Endre Rundhovde.

— Eg var engasjert for å gjere ein snuoperasjon ved hotellet, og føler at eg er i mål. Utgiftene er dei siste fire månadane halvert, og drifta går i balanse, seier Helge Bauge til Bergens Tidende.

Bauge er bedriftsrådgjevar i Synergia AS, og var eigentleg engasjert i Skånevik som fødselshjelpar for den planlagde produksjonen av laksepølse. Då selskapet bak fjordhotellet, Hordaland Havbruk Holding, i fjor sommar kvitta seg med ekteparet som leia hotellet, blei dei erstatta av Bauge.

Hordaland Havbruk Holding, ved Endre Rundhovde, kjøpte Skånevik Fjordhotel i 2001 for 10,5 millionar kroner. Pengane rann deretter ut raskare enn inntektene kom i kassen. Leiarpersonar blei skifta ut på rekkje og rad. No skal den sjette tilsetjast etter at Mai Eli og Ole Jørgensen selde hotellet i 2000.

Dagleg leiar Anna Emmerhoff Nilsen i Hordaland Havbruk Holding seier at Helge Bauge har gjort jobben sin, og at ei generalforsamling i selskapet i helga skal tilsetja ny leiar ved fjordhotellet, som har 110 senger og 11 tilsette.