Ordførar Aksel Kloster har alt lova at søknader om skjenke— og serveringsløyve skal handsamast alt torsdag.

Tidlegare dagleg leiar Jørn Haveland har skipa driftsselskapet Haveland Hotelldrift for å overta overnattingsdelen av hotellet, medan restaurant Dr. Munk vil driva baren og restauranten.

Hotell- og restaurantarbeiderforbundet, ved distriktssekretær Arild Hamre, reagerer sterkt på at Jørn Haveland vil starta opp drifta att medan han er under konkursbehandling. Hamre har sendt brev til Kvinnherad kommune om saka.

Forbundet tok i fjor hand om oppseiingssaka til ei Husnes-kvinne. Ho vann fram i retten med at oppseiinga ved hotellet var usakleg, og blei tilkjent over 300.000 kroner i erstatning. Det er uklart om det finst dekning i konkursbuet for heile eller deler av denne erstatninga.

Kvinna sin advokat Jarle Ringheim seier til Bergens Tidende at deler av erstatningskravet bør koma inn under lønsgarantiordninga.