• Dette er ei spennande etablering. Vi bryt tradisjonen om at statlege direktorat blir plassert i det sentrale austlands-området.

TERJE ULVEDAL (tekst og foto)terje.ulvedal@bergens-tidende.no FørdeKulturminister Ellen Horn valde å fokusere på distriktspolitikk då ho i går stod for den offisielle opninga av Statens lotteritilsyn, på folkemunne i Førde alt forkorta til SLOTT. Dette er første gongen eit statleg direktorat blir lagt til Sogn og Fjordane. — Slik sett er dette ein historisk dag, hevda fylkesordførar Nils R. Sandal i si helsingstale under opningsseremonien.Det nye statlege direktoratet kom i drift frå 1. januar, men like sidan seinsommaren har planlegging gått for fullt i Førde. Totalt skal 35 personar arbeide i det nye tilsynet. Så langt er 20 personar tilsette, ti av desse har teke til i jobben. Tiltak mot spelegalskap Ein av dei som alt i fleire månader har vore SLOTT-tilsett er direktøren, Atle Hamar. Saman med sine medarbeidarar får den tidlegare distriktsarbeidssjefen og statssekretæren no ansvar for å kontrollere samtlege spel og lotteri. Mellom anna blir det Lotteritilsynets oppgåve å kontrollere alle dei kring 30.000 speleautomatar som er plasserte ut frå sør til nord i landet. I prinsippet kjem alt frå Lotto og tipping på fotball og hest til Røde Kors-automatar og basarar inn under tilsynet. Også spel som føregår på internett skal det haldast oppsyn med. Men Hamar annonserte også at gjeremåla til direktoratet vil famne vidare. - Mellom anna vil vi ta tak i det faktum at stadig fleire blir avhengige av spel. Ei av våre oppgåver blir å sjå på kva tiltak som er nødvendig mot det stadig aukande problemet som spelegalskap utgjer, opplyste Hamar. Stova til Gjest Baardsen Også SLOTT-direktøren var oppteken av den distriktspolitiske målsetjinga som ligg bak etableringa i Førde. Men han understreka samstundes at kvalitetskrava er dei same.- Sjølv om vi er plasserte i Førde, skal tilbodet ikkje bli dårlegare for det, lova Hamar til kring 50 prominente gjester som hadde teke turen til den offisielle opninga av Lotteritilsynet.Ei av dei mest originale gåvene som vart overrekt under opningsseremonien, kom frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Konstituert fylkesmann Ingrid Bjørkum overleverte eit bilde av Gjest Baardsen-stova i Sogndalsfjøra.- Eit bilde av barndomsheimen til ein mann som låg under for det meste, også det som hadde med spel å gjere, må passe bra i lokala til Lotteritilsynet, meinte Bjørkum.

fakta/Statens Lotteritilsyn

Lotteritilsynet er eit nytt direktorat som frå 1. januar skal forvalte og kontrollere private lotteri og statlege spel. Ei rekkje kommunar var med i kampen om å få det statlege tilsynet. Valet fall til slutt på Førde. Spelemarknaden i Norge omset for 21 milliardar kroner. Av dette står private lotteri og automatspel for 11 milliardar. Statlege spel har ein årleg omsetnad på 10 milliardar. Målet med opprettinga av Statens Lotteritilsyn er å styrkje kontrollen med lotteri og spel. Dessutan skal tilsynet sikre interessene til frivillige og humanitære organisasjonar som får ein stor del av inntektene sine frå ulike typar spel og lotteri. I Førde vert det 35 tilsette i hovudadministrasjonen. I tillegg skal det tilsetjast eit inspektørkorps som skal stå for kontrollen på spelestader over heile landet. Sekretariatsfunksjonen til ei uavhengig klagenemnd, Lotterinemnda, blir også plassert i Førde.