— Innsette og tilsette hadde baka kake til henne. Difor spurde ho om å få sone ei natt til. Det gjekk greitt. I dag kjem ho til Bergen, seier Jørgen Riple, som forsvarte den estiske kvinna.

26-åringen tilstod i Stavanger tingrett å ha formidla minst 1000 sex-kjøp mellom norske horekundar og baltiske prostituerte i Bergen og Drammen. Ho fungerte som sentralborddame for ligaen, og vart i går dømt til seks månaders fengsel, med to månader på vilkår.

I og med at kvinna alt hadde sona 93 dagar i varetekt, kunne ho i går ha spasert ut av fengselet som ei fri kvinne.

— Vi er svært nøgde med straffeutmålinga. Klienten min var lykkeleg - og samtidig litt lei seg. Ho har hatt det veldig fint i fengselet, og tykte det er litt trist å ta farvel med alle ho har vorte kjent med der, seier advokat Riple.

Fem er tatt

Ligaen hadde hovudkvarter heime hos ein av hovudmennene, ein estar busett på Sotra. Her arbeidde kvinna som kombinert kokke og telefonoperatør.

Ho var med på forretningane frå desember 2003 til januar i år. Då slo politiet til i ein stort anlagt aksjon og arresterte i alt fire estiske statsborgarar. Alle fire har tilstått. Saka mot han som politiet meiner er hovudmannen kjem opp i Bergen førstkommande torsdag.

Ein femte person er pågripen og sikta i Estland, og norsk politi håpar å få han utlevert.

50 kroner per kunde

Stavanger tingrett legg i dommen vekt på at kvinna har vore eit lite, men viktig ledd i hallikringen. For kvar prostituert ho formidla, fekk ho 50 kroner. 26-åringen visste at det var dette ho skulle gjere då ho reiste til Noreg. Samtidig har ho vore økonomisk avhengig av bakmennene, som har hatt ei langt meir sentral rolle og langt større inntekter av verksemda, meiner retten.