— Det har vore ei forferdeleg veke, seier direktøren, som leiar ei mellomstor norsk bedrift.

Tidleg på morgonen sist måndag fekk han ein telefon frå ein mann som presenterte seg som journalist Gard Steiro i Bergens Tidende.

— Han var veldig aggressiv, og visste at eg hadde besøkt ei prostituert kvinne på to namngitte hotell i Bergen og Oslo. Han fortalde at Bergens Tidende var i gang med ein artikkelserie om prostitusjon, og at det nå skulle handle om kundane, seier direktøren.

-Kjende til 30 kundar

Mannen hevda at han hadde bilete av næringslivsleiaren frå inne på hotellet, og at Bergens Tidende så langt hadde identifisert 30 av i alt 100 kundar kvinna hadde hatt.

— Han snakka vestlandsdialekt, og sa at arbeidet hadde pågått sidan juni, fortel direktøren.

På namnelista skulle det finnast både TV-kjendisar, advokatar, professorar og legar. Mannen sa at tre BT-journalistar nå var i gang med konfrontere horekundane.

— Eg prøvde å avvise han, men han var veldig pågåande og sa det var ingen vits i å nekte. Eg vart klint oppetter veggen, det var veldig skremmande, seier direktøren.

Ringde til Staff

Oppringjaren visste kvar direktøren arbeidde, at han var gift, og også nøyaktig kvar han hadde møtt den prostituerte. Etter kvart stilte mannen også pågåande spørsmål om nøyaktig kva dei to hadde gjort.

— Eg er ingen helgen, og det var ein tabbe å besøkje kvinna dei to gongene. Men eg er ein liten fisk oppi dette, og har ikkje gjort noko ulovleg, seier mannen.

Etter samtalen var han så fortvila at han tok kontakt med kontoret til advokat Tor Erling Staff.

— Eg måtte ha nokon å drøfte dette med, seier direktøren. Frå Staffs kontor fekk han til råd å blånekte for alt, i alle fall inntil journalisten la eventuelle bevis på bordet.

Først då direktøren bestemte seg for å trekkje intervjuet han hadde gitt over telefonen, vart bløffen avslørt.

Håpar på det beste

— Eg ringde til Bergens Tidende og fekk snakke med journalist Gard Steiro. Han kunne fortelje at han aldri hadde ringt meg om noko som helst, seier direktøren.

Det som stemte, var at Steiro og fleire andre journalistar i Bergens Tidende nyleg hadde laga ein større serie om prostitusjon i Bergen. Men ei kartlegging av horekundar hadde aldri vore på tale.

— Eg skjønnar ingenting. Anten må vedkommande ha overvaka meg, eller så må han stå i samband med denne kvinna. Eg håpar på det beste - at dette er ein skrulling eg ikkje høyrer meir frå. Eg føler eit veldig ubehag, seier direktøren, som spør seg om den falske journalisten kan sitje på namnet til fleire av kvinnas kundar.

Går til politiet

Direktøren har vurdert å melde oppringjaren til politiet.

— Dersom han tek kontakt igjen, vil det bli gjort. Eg aktar ikkje å finne meg i meir av det same. Men det vil sjølvsagt vere ubehageleg for dei rundt meg dersom dette må brettast ut, seier mannen.