Det er striden om å gje kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift i ein del utvalde kommunar, som endå ein gong vart sett på spissen i Stortinget.

Etter at EFTAs overvakingsorgan, ESA, i 1999 la ned forbod mot differensiert arbeidsgjevaravgift, gjekk det ut over næringslivet i fjorten kommunar her til lands.

Ni av dei ligg i Hordaland: Austevoll, Austrheim, Fusa, Lindås, Meland, Osterøy, Radøy, Samnanger og Vaksdal.

Etter at næringslivet der i mange år hadde nydt godt av lågare arbeidsgjevaravgift enn det som elles var vanleg, vart denne fordelen brått avskaffa. Men for at ikkje «straffa» skulle bli altfor vond og brutal, har Stortinget løyvt ein viss årleg kompensasjon på 20 mill. kroner. Skulle avgiftsauken ha blitt fullt ut kompensert, måtte ein ha løyvt minst 150 mill. kroner.

Men for 2003 var ikkje kommunalminister Erna Solberg villig til å halda fram ein slik praksis.

Anita Apelthun Sæle, som sit i kommunalkomiteen i Stortinget, sette seg i haust i sving for å få gje kommunane den handsrekninga dei har fått dei siste åra. Til sist lukkast det å overtala statsråden til å skaffa minst 20 mill. kroner også neste år. I praksis vert pengane fordelt gjennom fylkeskommunen.

Dei fem kommunane utanom Hordaland som vart råka av auka arbeidsgjevaravgift ligg i Rogaland, Møre og romsdal og Telemark.