• Prøvenominasjonen i Hordaland Venstre viser stor oppslutnad om Lars Sponheim. Eg er trygg på at han blir nominert på topp på lista.

VIDAR YSTAD

Det seier leiaren i Bergen Venstre, Henrik Glette, til Bergens Tidende.

Det er nå kjent at alle laga som har levert innstilling til nominasjonsnemnda i Hordaland Venstre, så nær som Bergen og Odda, har Sponheim på topp.

Odda har førd opp May Britt Vihovde frå Sveio på topp. Ho er i dag vararepresentant for Sponheim. Ho har sjølv uttala til Bergens Tidende at ho ønskjer andreplassen på lista, etter Lars Sponheim, slik ho har hatt ved dei to siste vala.

Fire lag står att

Fire lag står att, Askøy pluss tre lag i Nordhordland. Stalltipsa ifølgje Glette og fleire andre kjelder Bergens Tidende har vore i kontakt med, går ut på at desse laga vil gå inn for Sponheim.

Sponheim sjølv er svært tilbakehalden med å kommentere det som skjedde i Bergen Venstre. Til Bergens Tidende seier han:

— Ut frå erfaringane gjennom mange år, kom ikkje dette overraskande. Det var berre å lese om det som skjedde på årsmøtet i Hordaland Venstre i februar i år. Eg vil halde/ha meg til nominasjonsnemnda og vonar signala eg elles har fått, betyr at eg får den oppslutninga eg treng. Ut over det har eg ingen kommentarar nå.

Spår fredeleg møte

Andre kjelder, som kjenner utviklinga i Hordaland Venstre godt, seier at reaksjonane i Bergen er samansette.

For det første er det ei gruppering som har eit reelt behov for å markere avstand til Sponheim av di dei er misnøgde med han som partileiar. Dei meiner partiet har gått for langt mot høgre. Særleg mellom idealistane i den eldre garde, er det betydeleg motstand på dette planet. Så er det nokre som har meir personlege motiv for å gå mot Sponheim. Det kan vere folk som ønskjer seg opp og fram sjølv.

Bergen Venstre har normalt hatt om lag 1/3 av utsendingane til nominasjonsmøtet i Hordaland. Sjølv om det skulle bli eit fleirtalsval på medlemsmøtet i Bergen Venstre i oktober som skulle gå Sponheim imot, trur Glette ikkje at førsteplassen til Sponheim vil vere i fare på nominasjonsmøtet 20. november.

Både Glette og andre kjelder spår at resultatet på neste medlemsmøte i Bergen Venstre mest truleg går i motsett lei av det som vart resultatet onsdag.

— Eg reknar med at det blir eit fredeleg og greitt nominasjonsmøte med eit resultat som venta, at Sponheim blir renominert, seier Glette.