Kort sagt: Hordaland må verta meir effektivt enn før for å kunna konkurrera om nye næringsverksemder og nye arbeidsplassar.

Det mangla ikkje på forslag då fylkeskommunen baud inn til kombinert konferanse og idédugnad om fylkesplanen i Bergen Kongressenter torsdag. Utfordringa er å gjera Hordaland og elles heile Vestlandet endå meir attraktive enn før for nye næringsverksemder.

Ivar Ådlandsvik frå Entreprenør 1 føreslo som eit av dei viktigaste tiltaka å få Hordaland, og resten av landet, inn i EU snarast råd.

Smular til Vestlandet

— Det er ikkje godt nok med EØS-avtalen. Då må vi sitja her og få tredd ned over hovudet på oss vedtak som vert gjort i Brüssel utan at vi har noko vi skulle sagt. Og så vil vi då og få betre tilgang til marknaden for det vi eksporterer.

Ådlandsvik etterlyste og kortare veg til marknaden. Med det meinte han m.a. snøgg utbygging av Kyststamvegen, men synte samstundes tal som viste korleis Austlandet fer med størstedelen av vegpengane dei neste 10 åra, medan Vestlandet står att med smular.

— Inn med oljefondet. Det inga meining i at desse pengane berre skal nyttast til framtidige pensjonar. Dei bør og nyttast til å skapa vekst og velstand for folk før det vert gamle, meinte Ådlandsvik.

- De hadde champagne...

Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen var og oppteken av vegar.

— I ytre strok er utfordringa å handtera veksten. Det betyr betre infrastruktur. I indre strok gjeld det å skapa ny vekst. Det betyr og betre infrastruktur, sa Nilsen, som var uroa over det låge belegget på hotella i Voss/Hardangerregionen. Han var og oppteken av å utnytta på heimebane dei rike energiførekomstane som i dag vert pumpa frå norsk havbotn til Kontinentet.

— De hadde champagne, men rørte den ei, siterte Tom-Christer Nilsen frå Welhavens dikt Republikanerne, og tenkte på gassen som han gjerne vil fyra opp i Øygarden.

Sjå til Stavanger

Finansbyråd Henning Warloe frå Bergen kommune gjorde freista så godt han kunne å skapa inntrykk av at Bergen verkeleg er interessert i å samarbeida med resten av Hordaland fylke om næringsplanlegging, arealutvikling, utdanning, kultur og tenester av ymse slag.

— Vi må sjå til Stavanger. Der har dei kome lengre enn vi på dette området. Men i år skal Bergen revidera sin strategiske næringsplan. Då høver det bra at det fell saman med arbeidet med fylkesplanen, sa Henning Warloe.

Prosjektleiar for fylkesplanen, Gudrun Mathisen, seier til Bergens Tidende at fylkesplanen skal handsamast på fylkestinget i juni som skal handsamast i fylkestinget i juni. Planperioden er 2005 til 2008.

Til junitinget skal legg vi fram ein plan der vi set namn på alle utfordringane vi står overfor. Deretter vil vi utarbeida ein handlingsplan, som fylkestinget skal vedta til jul, om vi rekk det, seier Gudrun Mathisen.