JOHN LINDEBOTTEN

Slik summerer stortingsrepresentant Oddvard Nilsen, H, opp sine inntrykk av Hordaland fylkeskommune sett frå stortingsbenken.

Nilsen deltok i går på Hordaland fylkeskommune sitt nyårsmøte, der temaet var fylket sine mål og utfordringar i 2005.

— Eit framifrå tidspunkt for eit slikt møte, meinte Oddvard Nilsen. - For no er det berre nokre veker til regjeringa startar arbeidet med statsbudsjettet for 2006. Og vil de øva innverknad på dette arbeidet, så må de koma no, og ikkje slik de gjer til vanleg: koma springande i september, når det er for seint å oppnå noko, sa Nilsen.

Dyrt og ute av kontroll

Nilsen gjorde òg merksam på eit særskilt problem Hordaland slit med på Stortinget.

— Midt på 90-talet festa det seg eit bilete på Stortinget av Hordaland som eit fylke der samferdsleprosjekta kom ut av kontroll, vart dobbelt så dyre, og bygde på stader der det ikkje budde folk. Og dette for staten sine pengar.

— Dette inntrykket sit framleis i, og som leiar i samferdslekomiteen i førre stortingsperiode må nok eg ta min del av ansvaret for dette, vedgår Nilsen overfor Bergens Tidende.

For mykje skryt?

Ragnar Fagereng, adm. direktør på Norges Handelshøyskole, undrast på om alt sjølvskrytet frå Hordaland og Vestlandet var eit problem for landsdelen.

— Vi skryt av at vi er så gode, ja, vi er verdsmeistrar. Men det kan få mange i storting og regjering til å lura på kva som er vitsen med å stilla opp for Vestlandet, sa Fagereng.

Heller hus enn kunnskap

Fylkesordførar Torild Selsvold Nyborg kom inn på at mykje kapital vert investert i eigedom i Bergen og Hordaland, medan det vert mindre til bedrifter.

Prorektor Rune Nilsen ved Universitetet i Bergen tok opp dette og nytta nyårskonferansen til å spotta det private næringslivet som - med unntak av Trond Mohn - ikkje tør bruka pengar på anna enn fast eigedom.

— Dei investerer heller i hus på Nygårdshøyden enn i den kunnskapen som finst der oppe, sa han.

Ikkje ei norsk krone

— Ta til dømes bioprotein som fôr til havbruksnæringa. Vi har grunnkunnskapen som trengst, men vi høyrer lite frå norsk næringsliv. Og når det gjeld problemet med laks og antibiotika, så har vi hausta frå grunnforsking innan immunologi ved Det medisinske fakultet. Men det var lite interesse for å fylgja dette opp. Det måtte nederlandsk kapital til, men dei let heldigvis kunnskapen liggja i Bergen. Kvar er den private risikokapitalen? spurde prorektor Rune Nilsen.