Kravet er sett fram i eit brev frå styret i fylkespartiet. Brevet er stila til sentralstyret i Arbeidarpartiet og direkte til forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen og Ap sin fraksjonsleiar i Forsvarskomiteen, Signe Øye.

Utfordrar Stoltenberg

Det inneber at styret i fylkespartiet med to nyvalde stortingsrepresentantar som leiar og nestleiar, Per Rune Henriksen og Hilde M. Lydvo, pressar og utfordrar statsminister Jens Stoltenberg direkte.

Forutan Stoltenberg er sentralstyret, som tel 20 medlemer, samansett av fem statsrådar, fem stortingsrepresentantar, ein politisk rådgjevar og tre toppleiarar i fagrørsla: Gerd Liv Valla, Kjell Bjørndalen og Jan Davidsen.

Beskjeden frå fylkeslagsleiar Henriksen er krystallklar:

— Dersom det nå ikkje kjem midlar til bygging av tørrdokken, vil det vere det same som å akseptere ei privatisering av oppgåver som i dag ligg i Forsvaret. Det gjeld vedlikehald av marinefartøy, seier Henriksen til BT.

Han viser til at dei nye fregattane som er under bygging i Spania, nå vil bli levert på løpande band. Og han strekar under at det for Ap heile tida har vore ein føresetnad at vedlikehaldet av desse og andre marinefartøy skal skje med eigne tilsette i Forsvaret.

- Bondevik obstruerte

— Vi pressar på for å få dokken inn på 2006-budsjettet. Vi veit også at forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen jobbar for å få det til, seier Henriksen.

Han legg til at saka truleg er blitt vanskelegare ettersom tida har gått og prislappen er blitt høgare, med ein auke frå 270 til 314 millionar kroner.

Stortingsrepresentant Olav Akselsen (Ap) som leia næringskomiteen i førre stortingsperiode, seier at saka om dokken på Haakonsvern, er ei sak med ei forhistorie som forpliktar.

— Eg er trygg på at Anne-Grete Strøm-Erichsen gjer det ho kan for å få fram denne saka ettersom også ho kjenner vel til og er del av denne historia.

Akselsen hevdar at Bondevik-regjeringa, som i 2002 inngjekk budsjettavtale med Ap om bygging av dokken, har «obstruert gjennomføring av avtalen».

Stortingsrepresentant Signe Øye som er Ap sin fraksjonsleiar i Forsvarskomiteen, vil ikkje uttale seg om saka i dag.

Leiaren i Fellesforbundet, Kjell Bjørndalen, som sit i Ap sitt sentralstyre, seier til Bergens Tidende at han står bak vedtaket og kravet om bygging av dokken på Haakonsvern.

LO-leiar Gerd Liv Valla og leiaren i Fagforbundet, Jan Davidsen, som begge sit i sentralstyret, avslår å uttale seg om saka nå.