— Det var utruleg nær, seier Mats Igland. Han var ein av dei fire Florø-ungdommane først i 20-åra som låg i ro og fiska i skipsleia i Nekkøyosen vest om Florø tysdag kveld.

— Vi låg midt i fjorden. Første gongen vi la merke til båten kome mot oss, var han på god avstand. Vi trudde sjølvsagt han ville svinge unna, fortel Igland.

Det gjorde føraren av den 50 fot store yachten av merket Princess ikkje.

— Då vi forstod at han kom til å køyre oss ned, reagerte vi heilt instinktivt alle fire. Det var for seint å køyre unna. Så vi hoppa. Alle fire på same tid. Då var det i siste liten, fortel Igland.

- Eg såg dei ikkje

Dei fire var knapt hamna i sjøen, før yachten trefte den 18 fot store skjergardsjeepen av typen Uttern 560 på skrått bakfrå.

I følgje politiet var dei fire ungdommane i livsfare då båten deira blei påkøyrd. Yachten skal ha hatt ein fart på kring 20 knop då det small. Hadde florøværingane ikkje hoppa, kunne utfallet blitt noko heilt anna enn fire dyvåte karar.

Det var stilt og god sikt i området då kollisjonen skjedde mellom åtte og halv ni tysdag kveld. Lystbåten kom frå Sunnmøre og var på veg sørover. Føraren, ein mann frå Sunnmøre, har i politiavhøyr forklart at han ikkje såg den 18 fot store båten før det small.

— Han har fortalt at han hadde merksemda på nokre andre båtar som var i området, opplyser jurist Nanna Aaby ved Sogn og Fjordane politidistrikt til Bergens Tidende.

Saka blir etterforska på vanleg vis, men i følgje politijurist Aaby er det for tidleg å seie noko om kva reaksjonar føraren av lystbåten kan vente seg.

Truleg kondemnert

Skjergardsjeepen held seg flytande etter kollisjonen, og Mats Igland og dei tre kameratane kom seg alle opp att i båten. Deretter fekk dei hjelp av andre båtar i området til å kome seg til land.

Båten, som er eigd av far til ein av dei fire ungdommane, har fått store skader i akterenden og på babord side. Påhengsmotoren er heilt øydelagd. I følgje politiet er skadane så omfattande at det mest sannsynlege er at båten blir kondemnert. Den 50 fot store yachten fekk også skader, først og fremst i baugen.

— Det var ei kald oppleving, seier Igland. I går var han stad og såg på den øydelagde båten. Dagen derpå har han fått seg ei skikkeleg forkjøling.

— Det viktigaste er trass alt at det gjekk bra med alle oss fire. Men det var ei sjokkarta oppleving, seier Igland.