Oljearbeidaren Audun Nordhus (52) frå Os har i over to år planlagt roturen over Beringstredet mellom Russland og Alaska.

Fredag for to veker sidan starta eventyret. Den opphavlege planen var innreise frå Russland, men dette måtte Nordhus skrinleggje etter åtvaringar frå USA om at russiske myndigheiter neppe ville sleppe han vidare.

Ved hjelp av lokale eskimoar blei han i staden frakta i båt til Cape Prince Of Wales i Alaska, som er det vestlegaste punktet på det amerikanske fastlandet. I to dagar overnatta han hos eskimoane medan han venta på betre vêr før han kunne krysse Beringstredet.

Onsdag i førre veke var det blikstille då han sette båten på vatnet, og la kursen mot øya Little Diomede.

– Etter tretten timar roing byrja det å blåse, og vinden og straumen førte meg søraustover. Eg kom godt inn på russisk område og såg snødekte fjell i Sibir.

Ført tilbake av straumen

Sjølv om drivankeret var ute, dreiv han med 3,5 knop. Han prøvde å bevege seg nordover då det stilna i ein periode. Men det blåste raskt opp igjen.

– Eg hadde ikkje sjanse til å ro, bølgjer og straum var for sterke. I løpet av natta tok straumen meg tvers over Beringstredet igjen.

I sjutida neste morgon hadde han drifta lenger nord enn utgangspunktet for turen. Nordhus byrja å ane uråd.

– Dette var område det der ikkje fanst folk, og eg vurderte å utløyse nødpeilesendaren. Det blåste kolossalt og sjøvatnet kom opp i båten, det var kaldt og fælt, seier Nordhus, som må vedgå at han blei redd.

Med sine siste krefter klarte han likevel å kome meg til land cirka 15 kilometer nord for byen Wales i Alaska.

(Artikkelen held fram under kartet)

Hoppa i sjøen

Nordhus såg seg nøydd til å forlate båten, og hoppa i havet.

– Sjøen braut ganske kraftig og eg skjønte at båten ville bli fylt med vatn. Så eg knytte godt på meg overlevingsdrakta og lot meg skylle i land, med bagasjen på slep.

Han kom i land på ei sandstrand, og via satellittelefon fekk Nordhus ringt etter hjelp. Seinare på dagen vart han henta av eit helikopter og frakta til Wales. Då var han kraftig nedkjølt.

– Eg fraus kolossalt, sjølv om eg hadde både ull og overleveringsdrakt på meg.

Båten blei skylt i land litt seinare, og ligg der truleg endå. Sjølv om roturen mislukkast, deppar ikkje Nordhus.

– Interessant tur

– Det var ein utruleg interessant tur. Eg blei godt tatt imot av fangstfolket langs kysten. Eg hadde sett meg godt inn i lokale forhold, men dei beste opplysningane får ein alltid frå lokalbefolkninga, seier han.

Nordhus hadde med seg peparspray i tilfelle han skulle møte brunbjørn, men denne slapp han å ta i bruk. Han såg ikkje ein einaste annan båt den veka han oppheldt seg i området, men derimot ein moskusokse og nokre kvalar.

Søndag kom eventyraren heim til Os. Han har ikkje planar om ny utflukt med det første.

– Eg hadde ikkje i min villaste fantasi trudd at straumane var så kraftige. Ein liten robåt har ingenting å hamle opp med i Beringstredet.

– Eg rodde til Russland, men fekk aldri oppleve fastlandet. Men ingen har gjort dette før i robåt, seier han.

Nordhus har bak seg eit mislukka forsøk på å ro til Shetland i 1996, og ein vellukka rotur rundt Kapp Horn i Sør-Amerika i 2006.

Privat