Han landa på 103 meter, men greidde diverre ikkje å stå på det lange hoppet. Fallet kosta sju poeng hjå kvar av dommarane.

Likevel sanka Tillung nok poeng på dei to hoppa i Norgescup-rennet til å erobra toppen av pallen i klassen sin, klasse B. Sindre Ure Søtvik, Eldar, fekk delt tredjeplass.

I same rennet tangerte Vegard Svendsen bakkerekorden til Lars Bystøl på 101 meter.

Også jentene hoppa langt i Bavallen laurdag. Line Jahr presterte hopp godt over 90 meter.

Grunna dårlege vêrutsikter for sundag, vart også det ordinære hopprennet skipa til laurdag, med fleire av Norgescup-deltakarane med. Laurdagen baud altså på mykje god hopping i to renn utan prøvehopping framfor det siste.