Dette er historia om ei hønsejakt der også jegeren måtte bøte med livet.

Det var fredag ettermiddag at ekteparet i Balestrand kommune ikkje passa godt nok på. Bikkja deira såg sitt snitt til å stikke over til naboens hønsehus, og returnerte litt seinare med ei død høne i kjeften.

Reagerer sterkt

Då ekteparet i 70-åra oppdaga kva hunden deira hadde gjort, tok kona med seg både bikkja og høna over til naboen for å gjere opp for seg.

Naboen, ein mann i 30-åra, skal ha blitt sterkt fortørna og over-tydde etterkvart den eldre kvinna om at hunden måtte avlivast. Deretter henta han ei salongrifle han hadde lånt og skaut hunden tre-fire gonger i hovudet.

Ifølgje politiet skjedde avlivinga ute på mannens tun, medan den eldre kvinna framleis var til stades.

— Ekteparet som eigde hunden reagerer i ettertid sterkt på måten dette vart gjort på, seier lensmannsbetjent Geir Harkjerr i Balestrand.

— Truleg ville dei ha samtykka i avliving, men det var vondt for dei at det skjedde på ein såpass dramatisk måte.

Fratatt og skoten

Harkjerr opplyser til Bergens Tidende at dei har fått kjennskap til saka, men at det ikkje ligg noko formell politimelding på bordet.

— Vi veit enno ikkje om hundeeigaren vart utsett for utilbørleg press eller maktbruk frå hundeeigaren si side, seier han.

— Men hunden vart i allefall tatt frå eigaren og skoten på staden med tre-fire kuler.

Harkjerr strekar under at politiet ikkje vil gå vidare i saka utfrå opplysningane så langt, i alle fall ikkje før ei eventuell politimelding blir innlevert.

Hønseeigaren er reist på påskeferie og har såleis enno ikkje fått gitt sin versjon av saka. Den jaktglade nabohunden skal også ved to-tre høve tidlegare ha tatt hønene hans.

— Eventuelt tar vi saka opp igjen over påske, og i så fall vil vi vurdere om det er grunnlag for å folike dei to naboane, seier lensmannsbetjenten.