– Det står respekt av innsatsen deira. I 2009 må vi mobilisera for å verna om det som er bygt opp gjennom hundre år, sa Erna C. Hagensen, leiar i Norsk Arbeidsmandsforbund (NAF) i ein appell ved gruvearebeidarmonumentet på Litlabø i dag.

Det var aktivitet i svovelkisgruvene på Litlabø i vel hundre år frå 1865. Først i 1909 – to år etter at AS Stordø Kisgruber var etablert med internasjonal kapital og moderne drift — organiserte arbeidarane seg. Då det blei kalla saman til skipingsmøte på Folkets Hus 1.mai, møtte samtlege gruvearbeidarar, siterte Hagensen frå stiftingsprotokollen i dag.

Stord Arbeiderforening blei avdeling 34 i Norsk Arbeidsmannsforbund, og stilte med ny fane i 1.mai-toget året etter. Denne fana er no funnen i eit privathus, og får ein heidersposisjon hos LO i Sunnhordland.

– Desse pionérane hadde elendige kår, og måtte kjempa mot både styresmakter og grådige arbeidsgivarar. Innsatsen deira var viktig for å forankra demokratiet her til lands, sa Erna C. Hagensen.

Hagensen heldt også hovudtalen under LO si 1.mai-markering på Leirvik i dag. Årets 1.mai-tog på Stord gjekk frå Stord hotell og ned til Borggarden på Leirvik der industriarbeidarmonumentet står.

100-årsdagen til Stord arbeiderforening blei markert med ei eiga tilskiping i Litlabø samfunnhus. Venelaget for Gruo har tradisjonen tru hatt ope hus på gruveområdet på Litlabø, der mellom anna deler av jernbanen frå gruvetida er restaurert.

Ove A. Olderkjær